Tag Archives: web 2.0

Studentorganisasjonar og web2.0

Søndag 8. februar holdt eg innlegg for alle medlemane til Studentenes Landsforbund om korleis ein kan bruke nettet for å nå ut til medlemsmassen. Eg viste ein rekke dømer på korleis ein kan gjere dette.doodle-icons

Hovedbodskapen min var:

  • Du må nå studentane/brukarane der dei er og ikkje forvente at dei kjem til nettsida di.
  • Du må vere tilgjengeleg på ein rekke sosiale nettverk/plattformar slik at ein aukar sjansen på å nå studentane.
  • Twitter er ein fin ting (www.twitter.com/jazzyhal)
  • Det treng ikkje koste pengar for å bruke nettet lenger. Massevis av gratisgreier.
  • Det kostar litt tid, men ein får i tillegg nye plattformar for dialog med brukarane.

Sjå presentasjonen her – Sliderrocket

Oversikt over nettsider eg viste fram – delicous.com

2 kommentarar

Filed under dele, jobb, lenker

MRfylke på Twitter og FB

Møre og Romsdal fylke er no å finne på både Twitter og Facebook. Så langt er det underteikna som sit med nøkkelen (les: brukernamn og passord) og henda på rattet. Håper etterkvart at fleire på Fylkeshuset finn seg til rette og kan ta i bruk dei nye nettverka. No er det opp til meg å forklare folket at dette er dialog, ikkje monolog.

I tillegg ser Møre og Romsdal fylke etter ein webutviklar:

 

Ledig stilling som webutviklar

Har du lyst til å lage heilt nye nettenester for Møre og Romsdal fylke? Informasjonsavdelinga er på jakt etter ein person som kan vidareutvikle tenestene våre på nettet. Vi leitar etter nokon som kan gjere seg kjend med, og evaluere, dei tenestene vi har i dag, og ikkje minst lage nye nettenester. Vi ønskjer óg at webutviklaren kan vere med på utvikle virtuelle fagnettverk for offentlege verksemder i fylket. Vi treng nokon som er strukturert, engasjert, sjølvdreven og initiativrik. Aktuelle kandidatar bør ha interesse for generelle trender på nett (web 2.0), sosiale nettenester. Du bør óg kunne noko om ein eller fleire av desse verktøya: PHP, eZpublish CMS og malspråk, AJAX-teknologiar (Javascript og XML), CSS og Adobe Flash.

 

Les om stillinga her

From Flickr by Ben McLeod

From Flickr by Ben McLeod

Kommenter innlegget

Filed under jobb, lenker

Hjelp til innlegg

10. desember skal eg halde eit innlegg på eit seminar vi arrangerar saman med Dataforeninga her i Molde. Seminaret har fått tittelen «Offentlig informasjonssky Nye tjenester – lavere driftskostnader«.

 

Innlegget mitt har fått tittelen:

Hvordan kan offentlige informasjonstjenester utnytte brukerskapt innhold?  

Forskjellige eksempler på webtjenester som er bygd opp med gratis verktøy samt brukerskapte løsninger. Hvordan nå målgruppen i stedet for at målgruppen skal komme til deg?
Hallvard Lavoll-Nylenna, prosjektmedarbeider, UNG-prosjektet, Møre og Romsdal fylke. Nettsjef for ungweb.no med en tung fot på webutviklerpedalen. Bakgrunn som lærer og politisk rådgiver.

 

Her er nokre av tinga eg har tenkt å komme inn på:

  • Fyrst og fremst på offentlege sider nå ut til brukarane og ikkje forvente at brukarane skal komme til dei. Det er nok av morosame sider der ute som plasserar ei, til dømes, kommunal nettsider veldig langt ned på rangstegen (nederst vil mange meine). Korleis nå ut til brukarane? RSS, applikasjonar, widgets, sosiale plattformen…..
  • Tenkte eg blant anna skulle vise dømer på mashups der offentlege nettenester kan bruke gratisløysingar. Den åpenbare døme er sjølvsagt Google maps. Kvifor ikkje sette barnehagesøknaden på Google maps med koblingar til ein wiki?  Så kan foreldre sjå kor barnehagen ligg og lese kva andre foreldre meinar om tilbodet og kvaliteten.
  • Tenkte eg også skulle innom tema kategorisering av innhald (tags). Tagging er etter min meining ein meir fornuftig måte å finne fram på nettet. La brukarane sjølv vere med å tagge innhaldet på offentlege sider. Om ikkje dette var nok er geo-tagging på full fart inn. Her er det berre å henge seg på.
  • Vidare vil eg komme inn på widgets/applikasjonar. Nettlesarar er på veg ut, applikasjonar på forskjellige plattformar, spesielt mobile, er på veg inn. Alle store offentlege nettenster bør kunne levere applikasjonar på ein del av tenestene sine. Dømer: postlister, siste nytt, kulturkalender, bilder, saker frå enkelte avdelingar (siste nytt frå jordbruk) osv.
  • Personlege plattformar. Offentlege sider må vere klar for mobile plattformar så fort som råd. Nettet er i ferd med å flytte seg over til mobilen og om ein ikkje heng med bli ein liggande attende i gjørma og kravle.

 

Andre innspel? Andre idear? gode dømer eg kan vise fram?

Éin kommentar

Filed under jobb