Tag Archives: vinter

Deilig dag ute i sola

Barnebursdag ute i vintersola.

Kommenter innlegget

Filed under privat

Utforkøyringa

Her sit eg i ein tom kjellarbustad. Den halvskadde hengaren er pakka ferdig, men det heng ikkje noko bil i den andre enden. Bilen er på verkstad og eg ventar på ein telefon frå verkstadmannen om at bilen er heilt fin og at eg no kan køyre trygt attende til Oslo.

MoonriseEg fekk meg ein fin tur i går, i tillegg til eit støkk og ei påminning om at eg godt kan køyre litt saktare og heller nyte utsikta.

Eg hadde køyrt frå Oslo. Eg hadde passert både Otta, Dombås og Åndalsnes. Eg viste eg kunne nå ei bra ferje (som sikkert hadde ferske sveler). Den store hengaren bak meg hadde vore snill heile turen. Men så kom snøen. Snøen la seg som eit fint kvitt lag på vegen. Hengaren kasta litt på seg. Eg mista styringa. Fyrst litt fram og attende, så over i den andre køyreretninga og så vips hoppa eg over ein kant og fortsette med god fart mot fjorden. Heldigvis stoppa eg før fjorden. Hengaren bak meg hadde velta mens eg sat i bilen på alle fire hjula.

Flaks at det ikkje kom nokon mot meg. Til dømes ein stor trailer.

Flaks at fjorden ikkje kom nærare meg. Hadde vore litt kaldt med vinternattbading.

Vikingmannen kom og trekte meg oppatte og eg fortsette til Molde. Og no sit eg her dagen etterpå og ventar på å få lov til å køyre attende til byen.

Skal køyre litt saktaren attende.

Lovar

bilda er henta frå Flickr og teke av pianoplayerontheroof og har ein Creative Commons-lisens.

Éin kommentar

Filed under privat