Tag Archives: vekt

helsestasjonen

– Kan jeg hjelpe deg med å kle av gutten din? spør ei av dei som jobbar på helsestasjonen.

– Nei takk, eg klarar å ta av han kleda, svarar eg.

– Jeg ville ikke tatt av han bodyen på den måten, fortsetter dama.

– Det går nok bra, svarar eg. Det skal meir til for å røske av han hovudet, det sit ganske godt på.

– Er mammaen din på jobb og du hjemme med pappaen din alene? spør ho Sjur. Sjur berre ser dumt på ho.

– Det er så hyggelig at menn kan ta litt ansvar hjeme, ropar ho ut slik at alle på helsestasjonen får med seg innlegget om likestilling.

– Halleluja, svarar eg. Neste like høgt.

– Jeg kan veie han for deg, menn klarer ofte ikke få ungen til å sitte stille lenge nok, fortsetter dama.

– Det går bra. Vi får til det meste, svarar eg ganske irritert. – Men du kan få skifte bleia hans etterpå, det er jo kvinnfolkarbeid.

4 kommentarar

Filed under pappaperm

Pappaperm dag 35

Eit år i går og klar for kontrollen i dag. I dag skulle helsesøster registrere høgde, vekt og hjerne.

I tillegg noterte ho seg generell informasjon om adferd, næringsinntak, næringsuttak, søvn og verbal framtoning. Eg prøvde å svare etter beste evne.

Og så måtte vi teste kor tøff han egentleg er med å sette heile to vaksinar. Og det skal eg fortelje deg, gode blogglesar, minsten han gadd ikkje bry seg om stikka ein gong. Så det så.

På kontoret seinare i dag prøvde vi å ta kopiar av bleia til minsten…

… og så fordele bileta rundt om i posthyllene til dei andre.

Dei gler seg sikkert til eg kjem attende på jobb.

Vi forta oss frå jobben til favorittfrisøren min, Frk N.

Før:

Under:

Etter:

 

god helg

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Ein ide, kanskje ein god ide

Fekk ein god ide i dag etter eit vellykka restaurantbesøk. Kan hende ideen min er både tenkt og (forsøkt) realisert, men eg har ikkje gidda å sjekke dette. For om eg hadde funne ut at nokon andre hadde tenkt dette før meg hadde eg jo ikkje noko å skrive heim om.

Så, ideen min går som følgjer:

Prising basert på vektauke på serveringsstad. Som gjest blir ein altså veid på veg inn i restauranten og på veg ut. Differansen, altså vektauka, blir multiplisert med ein kilopris og dette er det du må betale for maten du åt!

CC fra Flickr av aslakr

Johan A.  påpeikte heilt korrekt at doane ville måtte  trenge eigne vektstasjonar for å kunne registrere plutselig vekttap under besøket.

For dei med eit vanskeligare forhold til eiga vekt kunne ein sjølvsagt halde sjølve utgangsvekta hemmeleg og berre opplyse om differansen.

Ein sånn restaurant kunne vidare vurdere rabattordningar for faste kundar som til dømes hadde mål om vektreduksjon og som nådde måla sine. Her ser eg det fort dukke opp ein del paradoks, men det kan vi ta seinare.

Det vanskeligaste i dette konseptet er sjølvsagt prisinga. Ein pris per kilo betyr ein pris for alle typar mat. Ein eller annan form for gjennomsnitt høyres for meg ut som ein plan, men her reknar eg med bransjen sjølve kan stille opp med fagfolk.

Ville du ha ete og betalt for maten på  ein sånn type restaurant?

Kommenter innlegget

Filed under dele, meiningar