Tag Archives: ungdom

Endeleg ny lærarutdanning

Endeleg tek Regjeringa grep om lærarutdanninga. I dag skal ministaren for høgare utdanning, Tora Aasland, legge fram stortingsmeldinga om ny lærarutdanning. NRK har allereie plukka opp ein del av innhaldet – «Tøffare for lærarstudentar» NRK 6. feb 09.school1

 

Eg er sjølv utdanna allmennlærar og kan i følgje papira mine undervise frå 1. til 10. klasse. Det seier seg sjølv at det er stor forskjell mellom barn og pedagogikk i småskulen og ungdomsskulen. Eg var også så heldig å få vere med å evaluere heile allmennlærarutdanninga saman med NOKUT og la i september 2006 fram ein fyldig rapport med mange gode råd.

Ein av dei viktigaste råda vi kom med var å utvide  lærarutdanninga til fem år. I dag er det norske utdanningssystemet bygd opp rundt modellen 3 + 2 (bachelor – master). Det er derfor heilt unaturlig at ei utdanning skal ha ei heilt anna oppbygning. Det måtte i tillegg gjerast så mange store grep for å gjere utdanninga betre at vi i evalueringskomiteen ikkje såg anna muligheit enn å utvide utdanninga for å få plass til meir innhald (meir praksis, meir pedagogikk, større fokus på enkeltfag).

Tora Aasland ønskjer å  stille høgare krav til studentane. Det er absolutt på sin plass å stille høgare krav. I dag kan ein komme seg gjennom utanninga om ein har puls. Men Aasland må huske på at krava blir ikkje heva av ein stortingsmelding, av ein ny modell for lærarutdanning eller fine ord frå ministaren. Det er dei som underviser i utdanninga som kan stille krav. Og utan dei med på laget er eg redd ein skal sjå langt etter kvaliteten.

 

Eg kjem til å oppdatere denne bloggen når stortingsmeldinga offentleg.

 

bilda er henta frå Flickr og teke av Rob Shenk og har ein Creative Commons-lisens.

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under meiningar

Ein dag att…

… til eg skal ta imot 90 ungdomar frå heile Møre og Romsdal. Som arrangør av Ungdommens Fylkesting håpar eg no alt er på plass og klart til årets ungdomsarrangement.Ungdommens Fylkesting 2007

Og så håpar eg på ein god gjeng taleføre, engasjerte og oppegåande ungdomar. For dei finst. Det finst svært mange av dei, faktisk. No har eg lagt til rette. No kan dei utfolde seg.

Håper og pressen og har ballar til å dukke opp og sjå svært mange positive sider av den yngre generasjonen.

Og til slutt håper eg dei lar meg sove om natta. For eg er i ferd med å bli ein eldre herre og treng søvna mi, sjølv om det er kult å henge seint oppe i blant.

Dei unge skal diskutere seriøst viktige ting i år. Gradert førarkort for å redusere trafikkdød blant unge, stemmerett frå 16år, gode grunnar for å busette seg i distriktsnorge og kulturrabatt for unge. I ettertid blir det dei unge og min jobb å sjå til at vedtaka til Ungdommens fylkesting blir teke med vidare til dei som sit på både makt og pengar.

Kommenter innlegget

Filed under jobb