Tag Archives: tid

Råd frå far – Kva meinar du?

Du treng ikkje meine noko om alt mogleg. Du treng ikkje meine noko som helst sjølv om nokon spør deg kva du meinar om noko. Skal du gjere deg opp ei meining om det meste, endar du opp med for mangen meiningar og så kan du gå deg vill i meiningane dine. Du kan byrje med å meine noko om noko du er sikker på. Helst bør du byrje meine noko om noko du har erfart sjølv. Du kan og meine noko om ting du har lese. Men du skal vere forsiktig med å meine for mykje om ting du har høyrt.

CC frå Flickr av greekadman

Gjennom livet reknar eg med du kjem til å treffe folk med meiningar. Nokon har passeleg med meiningar, andre har veldig mangen meiningar. Pass på at du ikkje blir ståande og bruke for lang tid på å lytte til folk med veldig mangen sterke meiningar om det eine og det andre. Dette kan fort bli tid du kunne nytta på å lytte på litt god musikk.

CC frå Flickr av Miss Sydney Marie

Kommenter innlegget

Filed under gode råd

Eg saknar ein indeks for tid (R)

Eg saknar ein indeks for tid. Grunnen til dette saknet er at eg ønskjer å kjøpe litt ekstra tid, i tillegg til dei 24timane eg har fått utdelt. På same måte som vi har indeksar for olje, gull, havre og Big Mac treng vi ein indeks for tid. Har vi ein indeks veit vi til ein kvar tid kva tid kostar. Det burde komme ein internasjonalt standard på kva ein time er verd. Det er med andre ord på tide å få tida på børs.

(From Flickr by ToniVC (CC))

(From Flickr by ToniVC (CC))

Tenk om eg kunne vakne, hente meg ein kopp kaffi, bla opp i Aftenposten og finne ut at i dag kostar ein norsk time 153kr, to prosentpoeng opp frå i går. Samtidig kunne eg lese at ein amerikansk time har tapt seg i verdi i forhold til ein europeisk time. Grunnen til dette verditapet er at det kvite hus har sløsa med tida. Når vi får tida indeksert og på børs kan eg til ein kvar tid vurdere om eg skal investere i nokre ekstra timar. Slik som i dag, då eg vakna, hadde eg intenst behov for nokre timar ekstra. Den ekstra tida kunne ein, til dømes, selje over disk som skrapekort. Ein kunne ha skrapekort med verdiane 1, 2, 5 og 10 ekstra timar. Tida er for statisk, slik det er organisert i dag. Vi treng i større grad dynamisk tid.

Det er sommar og tid for reprise. Dette blogginnlegget vart fyrst skrive 8. november 2005 på min gamle blogg «The little family blog«.

Éin kommentar

Filed under blogg, meiningar, Reprise