Tag Archives: t-bana

Enkelte folk og pappapermisjon

Kvifor må enkelte trykke 8 gonger på knappen som skal åpne døra på t-bana? det holdt med ein gong sist eg prøvde.

Kvifor må enkelte tenne på sigaretten inne i bussen, fem sekund før dørane blir åpna?

Kvifor må enkelte rope høgt når øyra mitt er like ved?

Kvifor må enkelte dytte meg for å komme fram? eg kunne ha dytta dei same enkelte mykje hardare fordi eg er både høgare og sterkare.

Kvifor kan ikkje enkelte oppføre seg?

 

Det har vore litt travelt i dag, kan du seie.

 

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Trettende dag i pappapermisjon

Dagens hending er allereie delt på Facebook. Eg kunne ikkje vente. Det var for rart.

Men altså,

Sjur og eg tok t-bana i dag tidelig. Bana var ikkje stappa, berre passe tett. Sjur prata i veg mens vi rista oss ned mot byen. Ei dame på min eigen alder sto like ved og likte det Sjur sa til ho. Ho smilte, sa hei og vinka til Sjur. Ikkje heilt uvanleg.

Men så oppdaga eg plutselig at ho var godt i gang med å smørje Sjur med litt krem. Ansiktet hans, altså….. det var jo litt rart…. og eg måpte. Eg måpte faktisk ganske mykje. Og lenge. Og rundt meg måpte andre. Og så gjekk ho av og eg måtte bruke nokre stopp på å tørke av meg måpen.

Bilde

Etter at vi kom heim prøvde vi å gjenskape situasjonen.

På t-bana i dag valgte ei ukjent dame å smørje Sjur med litt krem, mens han sat i vogna. Hyggelig det altså, men kanskje spørje om lov fyrst…

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Pappaperm dag 19

Nokre ting roar minsten betre enn andre ting.

Vaskemaskina kan han stå og studere ganske så lenge.

Støvsugaren er også ein suksess. Enten støvsugar eg, eller så leikar han med utstyret. No har han også sin eigen støvsugar slik at ha kan øve seg til han blir to. Eg trur det er rundt to-års alderen dei byrjar støvsuge huset sjølv.

Når vi køyrer t-bana må eg alltid synge om Olle Bolle. Alltid litt kleint når andre på bana skvett av brølet til Trollefar. Men minsten diggar det og slappar av heilt til vi kjem fram.

Og når fyrst minsten stiller seg opp for å sjå ut av vindauga kan han bli ståande lenge.

Men eg må stoppe han når han byrjar rope BÆSJ ned til forbipasserande.

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Pappaperm dag 18

I går fekk vi barnehageplass og i dag var vi på besøk for å sjekke ut situasjonen. Minsten var spesielt nøgd med utsikta

og det var stas med bilete av alle barna

men desse hendene stussa minsten over, ei god stund

Så derfor tok vi t-bana fram og attende. Minsten ville leiast inn og ut av bana. Eg nekta.

Etter at vi kom heim øvde vi litt.

– Kan du seie BØ? BØ, svarte minsten

– Kan du seie MAT?, MAAAAT, svarte minsten

– Kan du seie BARNEHAGE?, BÆSJ, svarte minsten

 

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm