Tag Archives: Stortinget

Pappaperm dag 26

Og der kom det ei ny veke rekande på ei fjøl.

På Høgskolen i Oslo hadde dei stilt seg opp for å få studentar til å ta delar av utdanninga si i utlandet.

Minsten ville og ut i verden. Eg sa at det var litt tidelig og viste han heisen på Stortinget stasjon.

For den heisen luktar PISS og gjer at ein ikkje får lyst å reise nokon plass. Ein vil heller halde seg lenge inne enn å ta heisen på Stortinget stasjon.

Det irriterar meg at minsten ALDRI klarar å bruke den vesle leikesklia rett. Han skal alltid opp feil veg.

Men så sovna han og det hadde ikkje eg planlagt. Eg måtte fort meg å kjøpe bok og skaffe kaffiplass slik at eg fekk nytte sovetida maksimalt.

Men eg blir likevel distrahert av skilt.

Ved å hengje meg opp i små, enkle og uskyldige skrivefeil prøver eg vel egentleg berre å heve meg over andre folk. Det er så enkelt å ta utgangspunkt i skrivefeil når eg skal heve meg over andre. Eg treng ikkje trene og ete rett og øve meg. Eg kan berre lese, hengje meg opp i feil og heve meg over. Lett.

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Intervju med Erling Sande

Eg møtte ein tidligare venn her om dagen i Oslo, frå den tida eg budde på Sandane og gjekk på Firda Vidaregåande skule. Erling Sande har vakse seg stor og sit no på sjølvaste Stortinget for Senterpartiet. Det blir diverre ikkje noko stemme på dei grøne frå mi side framover, sjølv om unge herr Sande gjer ein glimrande jobb. 

Rett før quiz på Grønland møttes vi i eit smug for eit kort intervju til UNGweb.no. Vanskelig å klippe i ein kar som Erling med retorikken i god drift.

Takk til Helene for filming

Éin kommentar

Filed under video