Tag Archives: sonen

Andre dag i pappapermisjon

Det er tomt for kavring. Stemninga er rastlaus. Brannbilen er ikkje underhaldning nok. Vi øver på litt klapping, men orkar berre eit par intervall.

Vi ser ut av vindauga ei stund.

– Ser du han mannen der borte. Det er ikkje sikkert han er heilt god. Kva trur du?

Sonen ser litt rart på meg før han nikkar forsiktig.

– Skal vi gå ut og følge etter han? spør eg.

Han nikkar litt til.

Vi pakkar på oss, tar fram sekken og kjem oss ut fortare enn vanleg.

Vi tar fort att mannen som vi ikkje trur er heilt god. Han går fort fram. Vi går saktare.

I morgon må vi finne på noko nytt

Bilete

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Fyrste feriedag

Eg likar ferie. Eg ser fram til ferie. Eg gler meg til ferie. Eg trur eg treng ferie.

Så kjem ferien akkurat når eg treng ferie som mest.

Og så er eg i gang med ferie. Fyrste feriedag er eg i villrede.

Den eine sonen meinar vi må spele fotball resten av ferien. Eg ber han ta ut smokken, for alltid.

Seinare skal eg få orden på få ferielivet. Mens eg går i villrede regnar det på meg. Det var sikkert akkurat det eg trengte no.

Kommenter innlegget

Filed under bilde, ferie

Kva er sjarm?

L

I ei av bøkene om Pulverheksa tar Tyven sjarmen til Drømmeprinsen. Men mot slutten av boka ordnar Pulverheksa opp og Drømmeprinsen får att sjarmen sin. Sonen på snart fire ser på teikninga av Drømmeprinsen og kan ikkje sjå at sjarmen er på plass.

– Kor er sjarmen, pappa? Eg ser ikkje sjarmen? Kva er sjarmen? spør han.

Og eg lurer på kor leserettleiinga for foreldre er. For sjarm er ikkje noko enkelt ord å forklare for ein gut som snart fyller fire.

Sjarm, guten min, sjarm er det du må ha for å få deg kjæraste, seier eg.

– Kor kan eg skaffe meg litt sjarm, pappa? spør sonen. Eg vil ha kjæraste.

– Sjarm er noko du er født med, gode son, på same måte som øyrene dine, hjerta ditt og tankane dine, prøver eg meg.

– Men kor er sjarmen på meg? spør han attene.

 

Han kjem ikkje til å gi seg før han står der med ein pose sjarm som han kan legge i hylla si saman med dei ande leikene. Eg skjønnar at klokka er seint og eg skal slite med å komme til botn av denne saka.

– Gode gut, sjarmen din kjem til syne når du oppfører deg bra, er snill mot andre, leverar fine smil, er hjelpsam, kreativ og litt morosam, prøver eg meg.

Dette burde sette han ut av spel. Eg håpar med dette at sjarmballen er dau og lufta på god veg ut.

– Men kor kjem sjarmen? i munnen? spør han attende.

– Den kjem over heile deg, heile deg blir fylt med sjarm, svarar eg mens eg skrur på datamaskina for å finne hjelp.

 

Caplex snakkar om tilltalande og vinnande vesen. To ord som sonen heller ikkje vil godta. Wikipedia snakkar om charm som karisma – og så brukar dei ei heil rekke engelske ord som eg ikkje skal byrje å oversette til sonen.

 

Eg ber han legge seg og håpe på det beste.

– Kan hende du er heldig i natt, sonen min, kan hende du vaknar i morgon og er full i sjarm, seier eg på veg ut av rommet for å dyrke min eigen sjarm.

Éin kommentar

Filed under meiningar