Tag Archives: sola

Fyrste dag i ny pappapermisjon

– Kva trur du?, spør eg.

Han ser litt rart på meg og så jobbar han vidare med å gnage safta ut av ein kavring.

– Gler du deg, litt? prøver eg meg igjen. – Gler du deg til å vere saman med meg heile dagen, berre oss to?

Han ser rart på meg ein gong til, smiler litt og kastar kavringen rett i panna mi. Eg kjenner kavringsafta renn nedover.Bilete

Fint, eg er i gang med fyrste dag av pappapermisjonen.

Vi pakkar på oss, går ut, han sovnar, eg finn fram ein strandstol, set meg ned med beina trygt planta i snøen. Sola truar med å brenne meg i panna. Eg hyttar med nevane mot sola. Eg likar ikkje trugslar.

– Trur det blir bra, tenkjer eg.

I vogna bak meg kan eg eg høyre ein som søv på siste verset. No skal han snart få meir merksemd.

Bilete

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

kan hende

Det kan hende det snart er på tide at eg byttar ut måsen på framsida av bloggen med eit anna dyr. Eg tok bilete av måsen sjølv ein gong for lenge sida. Eg kom veldig nær måsen. Har aldri vore så nær ein måse før.

Det kan hende det snart er på tide at eg nyttar meg meir av sola som har byrja lyse meir om dagen. Eg merkar meg lyset på veg til barnehagen og eg merkar meg lyset på veg attende til barnehagen.

Det kan hende det snart er på tide at eg får fiksa saksofonen min. Saksofonen lekker som ein sil og høyres ut som ein punktert elefant. Men eg kan få nokon til å tette hornet slik at eg kan spele litt til.

Det kan hende det snart er på tide at snøen reiser heim der han kom frå og lar oss andre vere i fred. Snøen har gjort nok ugagn for denne gong. No kan han trekke seg rolig attende og slappe av med familien sin.

Det kan hende dette ikkje er rette måten å skrive på. Og det kan hende eg burde brukt kvelden på noko heilt anna. Men eg kunne ikkje la vere å prøve. Om ikkje anna.

Kommenter innlegget

Filed under meiningar

Pappaperm dag 14

I dag gjekk vi ein så lang tur at eg trengte litt ekstra næring.

Og så besøkte vi Frk. M for å øve litt på piano. Men så stakk sola innom og øvinga vart avslutta kjapt.

Og så sjekka vi om Tveita senter var noko å skryte av.

Og det var vel ikkje noko å skryte av der. Men mormor har byens grønaste kontor, om ikkje anna.

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm