Tag Archives: snø

kan hende

Det kan hende det snart er på tide at eg byttar ut måsen på framsida av bloggen med eit anna dyr. Eg tok bilete av måsen sjølv ein gong for lenge sida. Eg kom veldig nær måsen. Har aldri vore så nær ein måse før.

Det kan hende det snart er på tide at eg nyttar meg meir av sola som har byrja lyse meir om dagen. Eg merkar meg lyset på veg til barnehagen og eg merkar meg lyset på veg attende til barnehagen.

Det kan hende det snart er på tide at eg får fiksa saksofonen min. Saksofonen lekker som ein sil og høyres ut som ein punktert elefant. Men eg kan få nokon til å tette hornet slik at eg kan spele litt til.

Det kan hende det snart er på tide at snøen reiser heim der han kom frå og lar oss andre vere i fred. Snøen har gjort nok ugagn for denne gong. No kan han trekke seg rolig attende og slappe av med familien sin.

Det kan hende dette ikkje er rette måten å skrive på. Og det kan hende eg burde brukt kvelden på noko heilt anna. Men eg kunne ikkje la vere å prøve. Om ikkje anna.

Kommenter innlegget

Filed under meiningar

Pappaperm dag 29

Vestlandsturen, del 1.

Vi burde ha sett teikninga allereie når minsten sto opp og kunne varsle om større mengder snø på veg ned.

Vi burde ha skjønt kor dette ville ende når vi måtte stabbe oss i store mengder snø….

… til busshaldeplassen.

Vi burde freiste å legge saman to og to når den fyrste flybussen fekk motorhavari og vi måtte ta neste buss.

Vi burde ant urå når det snødde rett inn i flyet.

Og når ikkje kapteinen klarte å lande flyet på fyrste forsøk…

…kasta vi inn hånklede.

I staden for mor (Besta) sine kjøttkakter blei det pizza etter at vi kom attende til Gardermoen.

Og så tok vi flybussen heimatte.

Vi prøver att i morgon, vi.

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Deilig dag ute i sola

Barnebursdag ute i vintersola.

Kommenter innlegget

Filed under privat