Tag Archives: rytme

Råd frå far – korps

Eg er usikker på om korps er tingen. Sjølv spelte eg i korps. Men eg er fortsatt usikker på om korps er tingen. Det er fint å kunne spele litt musikk, uansett. Du burde lære deg minst eit instrument. Og du bør lære det rimelig godt. Endå viktigare er at du lærer å spele instrument saman med andre.

CC frå Flickr av arnybo

Musikk skal du spele med andre. Mangen vel å spele eit instrument saman med andre i korps. Det er her eg blir litt usikker.

Eg har ikkje noko imot korpsmusikk i seg sjølv. Det kan passe, i blant. Problemet er at korps kan bli litt einsidig. I lengda. Bruken er svært avgrensa. Og så gjer musikken at ein blir så taktfast og samstundes utan rytme og flyt. Det blir fort fire veldig flate for kvar takt du skal spele deg forbi.

Du skjønnar det, musikk handlar ikkje berre om å trykke på dei rette knappane til rett tid. Musikk handlar ikkje om å spele dei rette tonane til rett tid. Musikk skal komme frå ein plass inni kroppen. Ein plass i kroppen din som du opplever som god. Eg kan ikkje fortelje deg kor denne plassen er. Men eg lovar deg at du finn den ganske lett om du leitar og spelar. Eg er litt usikker på om du finn fram til denne gode plassen i kroppen når du spelar i korps.

Advertisements

Éin kommentar

Filed under gode råd