Tag Archives: råd

Råd frå far – Kva meinar du?

Du treng ikkje meine noko om alt mogleg. Du treng ikkje meine noko som helst sjølv om nokon spør deg kva du meinar om noko. Skal du gjere deg opp ei meining om det meste, endar du opp med for mangen meiningar og så kan du gå deg vill i meiningane dine. Du kan byrje med å meine noko om noko du er sikker på. Helst bør du byrje meine noko om noko du har erfart sjølv. Du kan og meine noko om ting du har lese. Men du skal vere forsiktig med å meine for mykje om ting du har høyrt.

CC frå Flickr av greekadman

Gjennom livet reknar eg med du kjem til å treffe folk med meiningar. Nokon har passeleg med meiningar, andre har veldig mangen meiningar. Pass på at du ikkje blir ståande og bruke for lang tid på å lytte til folk med veldig mangen sterke meiningar om det eine og det andre. Dette kan fort bli tid du kunne nytta på å lytte på litt god musikk.

CC frå Flickr av Miss Sydney Marie

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under gode råd

Råd frå far – korps

Eg er usikker på om korps er tingen. Sjølv spelte eg i korps. Men eg er fortsatt usikker på om korps er tingen. Det er fint å kunne spele litt musikk, uansett. Du burde lære deg minst eit instrument. Og du bør lære det rimelig godt. Endå viktigare er at du lærer å spele instrument saman med andre.

CC frå Flickr av arnybo

Musikk skal du spele med andre. Mangen vel å spele eit instrument saman med andre i korps. Det er her eg blir litt usikker.

Eg har ikkje noko imot korpsmusikk i seg sjølv. Det kan passe, i blant. Problemet er at korps kan bli litt einsidig. I lengda. Bruken er svært avgrensa. Og så gjer musikken at ein blir så taktfast og samstundes utan rytme og flyt. Det blir fort fire veldig flate for kvar takt du skal spele deg forbi.

Du skjønnar det, musikk handlar ikkje berre om å trykke på dei rette knappane til rett tid. Musikk handlar ikkje om å spele dei rette tonane til rett tid. Musikk skal komme frå ein plass inni kroppen. Ein plass i kroppen din som du opplever som god. Eg kan ikkje fortelje deg kor denne plassen er. Men eg lovar deg at du finn den ganske lett om du leitar og spelar. Eg er litt usikker på om du finn fram til denne gode plassen i kroppen når du spelar i korps.

Éin kommentar

Filed under gode råd

Råd frå far – fotball

Gode søner

Dere er fortsatt unge. Dere har god tid. Det er ikkje noko hast. Samstundes er det så ufattleg mykje dere skal lære. Eg lovar eg skal gjere det beste eg kan for at dere lærer litt. Men eg er redd mykje av jobben må dere gjere sjølve.

Sjølv har eg vore utplassert i verda ein god periode no og gjort meg nokre erfaringar. Erfaringane er både gode og dårlige. Slik er det berre.

Her er nokre råd til kvardagen som kjem der framme. Til dere to, frå meg.

Fotball

Står du der ein dag og må velje mellom å spele fotball og ein annan idrett etter skuletid vil eg minne deg på at du ikkje treng å velje fotball. Ein kan både hygge seg og sjå lyst på framtida om ein vel ein annan idrett. Eg trur ikkje ein alltid må velje ein idrett heller. Men, eg er ikkje heilt sikkert. Dei seier så mykje rart dei som har greie på det.

CC frå Flickr av pam3la

Sjølv om du vel å ikkje spele så mykje fotball kjem du ikkje til å gå gjennom livet utan. Det kjem til å bli mykje fotball. Det kan eg love. Det er moro å spele fotball og det er moro å sjå på fotball. Men, eg er usikker på kor stor del av livet ditt fortballen bør stjele. Det er så mykje anna moro som skjer og.

4 kommentarar

Filed under gode råd