Tag Archives: pizzasnurr

Pappaperm dag 20

Vi byrja dagen ganske rolig med ein god krim og litt drikke.

Og så sovna minsten i vogna ute…

…og eg tenkte eg skulle gjere noko fornuftig den neste timen. Neste veke er det bursdag for den eldste guten og rykte vil ha det til at pizzasnurrar er populært hos dei unge for tida. Eg bretta opp kleda og byrja på prosjektet.

Mens deigen heva ganske så fort steikte eg opp pizzasnurrfyll.

Og så smurte eg fyllet utover pizzasnuttbotnen. Og så var tida inne for å rulle det heile saman til ei pølse.

Det gjekk ikkje så bra. Prosjektet var i ferd med å havarere. Pizzasnurrfyllet taut utover alle plassar. Eg viste ikkje mi arme råd.

Men eg gav ikkje opp. Eg fekk lempa over snurrane og steikt dei.

Og over her ser du resultatet. Ein mellomting mellom pizzabolle og pizzasnurr. No må eg berre lage 30 til.

God helg så lenge

Advertisements

3 kommentarar

Filed under pappaperm