Tag Archives: piano

Pappaperm dag 14

I dag gjekk vi ein så lang tur at eg trengte litt ekstra næring.

Og så besøkte vi Frk. M for å øve litt på piano. Men så stakk sola innom og øvinga vart avslutta kjapt.

Og så sjekka vi om Tveita senter var noko å skryte av.

Og det var vel ikkje noko å skryte av der. Men mormor har byens grønaste kontor, om ikkje anna.

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Pappaperm dag 9

Snill som eg er lot eg andre i familien ta over møkkasjuka. Så, mens min kjære låg under dyna tok minsten og eg turen på biblioteket for å finne litt relevant litteratur.

biblioteket møtes dei eldre for å kjempe om dei beste avisene. Og så diskuterar dei høgt om alt som ikkje er bra i landet vårt. Kort oppsummert kan minsten og eg rapportere om at landet vårt er i fritt fall, skulen fungerar ikkje, dei eldre blir spytta på og at politikarane suger såpe.

Minsten og eg valgte å lese litt om barn og ernæring. Vi vart ikkje å veldig mykje klokare.

Vi drog heller heim og spelte piano og song litt for sjuke mor.

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm