Tag Archives: pappapermisjon

Barnehageplass

Det er mykje spennande med våren. Kjem snøen til å smelte? får vi oppleve varme på nytt? blir plenen grøn i år også? passar kortbuksene?

Noko av det mest spennande er spørsmålet om barnehageplass. Får vi barnehageplass? kor får vi barnehageplass? eller må vi berre levere minsten tilbake der han kom frå?

I går fekk vi barnehageplass og minsten og broren til minsten smilte breit frå det eine øyra til det andre.

Våren er kommen, sommaren er planlagt og hausten er redda. Kan ikkje bli mykje betre!

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Lunsj i pappapermisjon

Dagens lunsjtest: Er det best med krydder under eller over osten?

2013-04-30 13.37.02-2

Kommenter innlegget

Filed under bilde, pappaperm

helsestasjonen

– Kan jeg hjelpe deg med å kle av gutten din? spør ei av dei som jobbar på helsestasjonen.

– Nei takk, eg klarar å ta av han kleda, svarar eg.

– Jeg ville ikke tatt av han bodyen på den måten, fortsetter dama.

– Det går nok bra, svarar eg. Det skal meir til for å røske av han hovudet, det sit ganske godt på.

– Er mammaen din på jobb og du hjemme med pappaen din alene? spør ho Sjur. Sjur berre ser dumt på ho.

– Det er så hyggelig at menn kan ta litt ansvar hjeme, ropar ho ut slik at alle på helsestasjonen får med seg innlegget om likestilling.

– Halleluja, svarar eg. Neste like høgt.

– Jeg kan veie han for deg, menn klarer ofte ikke få ungen til å sitte stille lenge nok, fortsetter dama.

– Det går bra. Vi får til det meste, svarar eg ganske irritert. – Men du kan få skifte bleia hans etterpå, det er jo kvinnfolkarbeid.

4 kommentarar

Filed under pappaperm

Fortsatt i pappapermisjon

I dag skjeddde det noko veldig rart. Vi var ferdig med middag, klokka slo seks, det var tid for barneteve. MEN, begge dei to eldste gutane såg på meg og spurte unisont – Kan vi heller sitte ved bordet og teikne?

Eg mista munn og mæle, tenkte meg ikkje om og skulle til å svare – NEI! No er det barneteve-tid. Men eg henta meg innatt, satte fram teiknesakene, lot teveen stå straumlaus og observerte tre konsentrerte barn ved bordet som skulle teikne både det eine og det andre.

Bilde

Til slutt måtte eg be dei legge seg og sove. Eit eller anna skjedde i påsken.

Éin kommentar

Filed under pappaperm

Enkelte folk og pappapermisjon

Kvifor må enkelte trykke 8 gonger på knappen som skal åpne døra på t-bana? det holdt med ein gong sist eg prøvde.

Kvifor må enkelte tenne på sigaretten inne i bussen, fem sekund før dørane blir åpna?

Kvifor må enkelte rope høgt når øyra mitt er like ved?

Kvifor må enkelte dytte meg for å komme fram? eg kunne ha dytta dei same enkelte mykje hardare fordi eg er både høgare og sterkare.

Kvifor kan ikkje enkelte oppføre seg?

 

Det har vore litt travelt i dag, kan du seie.

 

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Sekstende dag i pappapermisjon

Bilde

I dag har eg delt ut kake til blide folk på HiOABilde

I mens rydda minsten på kontoret,Bilde

og åt opp gamle visittkort

Bilde

 

Éin kommentar

Filed under pappaperm

Femtende dag i pappapermisjon

Førre veke fant Google ut at dei skulle legge ned Google Reader. Eg treng oppdatert informasjon, levert til meg, på alle dippeduttar, til ein kvar tid. Dette viste minsten. Han viste at eg trengte tid på å finne ut av ting. Han gav meg tida. Han valgte å sove det meste av dagen.

No har eg funne ein erstatning. Feedly tar over jobben og leverar varene. Minsten har stått opp og fått maten han treng og vi kan komme oss ut i sola.

 

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Fredag i pappapermisjon

Det er fredag. Klokka er fire på ettermiddagen. Utanfor barnehagen er to av tre barn trygt plassert i bilen. Neste stopp er skulen for å hente heim den eldste før vi tar helg.

Eg set meg inn i bilen, vrir om nøkkelen og det er stilt. Ikkje ein gnist. Ikkje ein lyd. Batteriet var rett og slett tomt.

Fire svært stygge ord farer ut av  munnen min. Rett bak meg blir alle fire orda gjentatt umiddelbart.

Ein desperasjon stiger opp i meg.

– No vil eg heime, pappa. Kan vi ikkje køyre no? Spør eit barn i baksete.

– Nei, bilen funkar ikkje.

– Jo, bilen fungerar. No må du køyre pappa, fortsetter ungen.

– Nei, bilen fungerar ikkje og no må vi utsette heile helga, svarar eg.

 

 

 

 

 

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Trettende dag i pappapermisjon

Dagens hending er allereie delt på Facebook. Eg kunne ikkje vente. Det var for rart.

Men altså,

Sjur og eg tok t-bana i dag tidelig. Bana var ikkje stappa, berre passe tett. Sjur prata i veg mens vi rista oss ned mot byen. Ei dame på min eigen alder sto like ved og likte det Sjur sa til ho. Ho smilte, sa hei og vinka til Sjur. Ikkje heilt uvanleg.

Men så oppdaga eg plutselig at ho var godt i gang med å smørje Sjur med litt krem. Ansiktet hans, altså….. det var jo litt rart…. og eg måpte. Eg måpte faktisk ganske mykje. Og lenge. Og rundt meg måpte andre. Og så gjekk ho av og eg måtte bruke nokre stopp på å tørke av meg måpen.

Bilde

Etter at vi kom heim prøvde vi å gjenskape situasjonen.

På t-bana i dag valgte ei ukjent dame å smørje Sjur med litt krem, mens han sat i vogna. Hyggelig det altså, men kanskje spørje om lov fyrst…

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Tolvte dag i pappapermisjon

På den tolvte dagen testa vi kjøpesenter.

Bilde

Kjøpesenter er kjedeleg, for oss begge. Vi ruslar litt rundt over alt, men fant aldri roen. Det er viktig med ro når ein er i pappapermisjon. Vi kan derfor ikkje bruke tid på kjøpesenter sidan kjøpesenter mangla ro.

 

 

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm