Tag Archives: pappaperm

Heimetrening

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under dele, pappaperm, video

Nok ein dag i pappapermisjon

Når ein er åleine med ungar i mange dagar i strekk gjer ein ofte ukritiske valg.

Kostholdet har fungert tilfredsstillande for dei minste. Spør du barna vil dei ikkje kunne påpeike at matkulturen har endra seg noko særleg berre fordi eg har hatt eineansvar.

Men for meg sjølv har fleire dagar åleine ført til dårlige matvalg.

Når den siste ungen har sovna og ein ikkje har tradisjonelle godteriar tilgjengeleg må ein finne på andre ting for å slokke suget etter kaloriar.

Når kjære mor kjem heim i morgon er vi heilt tomme for:

  • kavring
  • youghurt
  • brunt sukker
  • lomper
  • kvitt sukker
  • brunost
  • sukat
  • karve
  • salte kjeks

2 kommentarar

Filed under pappaperm

Andre dag i pappapermisjon

Det er tomt for kavring. Stemninga er rastlaus. Brannbilen er ikkje underhaldning nok. Vi øver på litt klapping, men orkar berre eit par intervall.

Vi ser ut av vindauga ei stund.

– Ser du han mannen der borte. Det er ikkje sikkert han er heilt god. Kva trur du?

Sonen ser litt rart på meg før han nikkar forsiktig.

– Skal vi gå ut og følge etter han? spør eg.

Han nikkar litt til.

Vi pakkar på oss, tar fram sekken og kjem oss ut fortare enn vanleg.

Vi tar fort att mannen som vi ikkje trur er heilt god. Han går fort fram. Vi går saktare.

I morgon må vi finne på noko nytt

Bilete

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Fyrste dag i ny pappapermisjon

– Kva trur du?, spør eg.

Han ser litt rart på meg og så jobbar han vidare med å gnage safta ut av ein kavring.

– Gler du deg, litt? prøver eg meg igjen. – Gler du deg til å vere saman med meg heile dagen, berre oss to?

Han ser rart på meg ein gong til, smiler litt og kastar kavringen rett i panna mi. Eg kjenner kavringsafta renn nedover.Bilete

Fint, eg er i gang med fyrste dag av pappapermisjonen.

Vi pakkar på oss, går ut, han sovnar, eg finn fram ein strandstol, set meg ned med beina trygt planta i snøen. Sola truar med å brenne meg i panna. Eg hyttar med nevane mot sola. Eg likar ikkje trugslar.

– Trur det blir bra, tenkjer eg.

I vogna bak meg kan eg eg høyre ein som søv på siste verset. No skal han snart få meir merksemd.

Bilete

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

og så var vi i gang, igjen

det er på tide å ta av seg jakka, brette opp skjorta, ta på seg smekka, legge nokre våtserviettar i lomma, rulle ut vogna og hoppe ut i det. Og det er på tide å riste denne bloggen i livet att.

Måndag byrjar alvoret. Nye 12 veker med pappapermisjon ventar meg og unge lovande Sjur.

skal du blogge denne gongen også?

Jepp, det skal. Sidan dere spør så fint. Her er resultatet av førre pappapermisjon. Dere skal få dag-til-dag-rapport strippa for mote, interiør, design og anna ræl.

Éin kommentar

Filed under pappaperm

Pappaperm dag 39

Dilemma, folkens. Eg har eit dilemma. Nokon som kan rettleie meg?

Greia er at vi har betalt for ein barnehageplass heile februar (måtte jo takke ja når den kom rekanes på ei fjøl). No har vi testa ut barnehagen og minsten elskar konseptet. Han har det faktisk nesten like godt som ein plomme. Så, kva gjer eg no?

 

a) avslutte pappapermen, gå attende til jobb og ha nokre veker til gode

b) pusse opp huset

c) betale tomgansleige i barnehagen og henge med minsten

d) gå på jakt i skogen

e) lese mangen bøker

 

Vi rakk, om ikkje anna, heimatt slik at vi fekk med oss medaljar.

 

Heia alle oss i Noreg. Vi er best på ski. Alle saman.

4 kommentarar

Filed under pappaperm

Pappaperm dag 34

Fyrste bursdag.

Minsten runda eit år i ettermiddag.

På tide med ein liten gjennomgang av status så langt.

Han både et, drikk og bæsjar. Ja, og så veks han. Han veks fortare enn ein skulle tru.

Han kan seie:

  • Mat
  • Bæsj
  • Takk

Og det oppsummerar det viktigaste her i livet, vil eg tru.

Han kan:

  • Klatre
  • Klappe
  • Synge
  • Danse
  • og peike på det han vil ha.

Og det må ein vel kunne seie er ein god start.

Og han er ein ganske morosam fyr.

Vi diggar han.

Éin kommentar

Filed under pappaperm

Pappaperm dag 30

Vestlandsturen, del 2.

 

Vi vakna til ein ny dag i dag, vi tre gutane. Ein ny dag med eit nytt forsøk på å komme oss vestover.

På flyplassen ønskja dei oss alle god tur, att. Dei hadde ikkje gløymt oss.

Optimismen vart smurt godt utover andleta våre i det sola skinte rett inn på oss.

Og i det vi kunne skimte fjord og fjell på lang avstand, skjønte vi at dette ville gå vegen. Vi kom til å lande der vest ein plass.

Og langt der nede dukka rullebana opp. Som ein stor dau mark som gløymte å grave seg ned før vinteren kom.

Og resolutt gjekk vi frå flyet mot ankomsthallen for å sjå om nokon ville møte oss her oppe på fjellet.

Vi vart møtte og vi vart tatt med innerst inn i fjorden med dei bratte fjella. Og innerst inne i fjorden skinte sola ned på metervis med snø. Akkurat slik det var den gong eg var liten der inne i fjorden.

Vi gjekk i øde landskap og vi fant att ei gammal jakthytte og vi klatra høge tindar og gjekk over fire brear.

Og vi aka heile vegen ned att frå dei høge tindane som hadde strekt seg så høgt.

Og til slutt kjøttkakene til mor.

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Pappaperm dag 27

Når ein har to barn og skal rekke ting kan det fort bli mas. Mitt beste triks er å gjere det meste om til konkurranse. Det er viktig at det er premie til vinnaren, men ikkje så viktig kva som er premien.

Korleis bli ferdig med den evigvarande frukosten?

«Fyrstemann som et opp skjeva si får lov til å drikke opp mjølka si. Sistemann er ein frosk.»

 

Korleis få på kleda i fornuftig tempo?

«Fyrstemann som kler på seg får middagen servert fyrst i ettermiddag. Sistemann er eit dådyr.»

«Fyrstemann som blir ferdig med tannpussen OG har dei finaste tennene (her er det viktig med ein kvalitetsindikator) får lov til å ta på dressen sjølv.»

Konkurransetrikset funkar ALLTID.

 

Det beste med å ha junior i friluftsbarnehage er at minsten og eg får ein god og frisk start på dagen.

Og slik fekk vi tid til å teste ut ein ny åpen barnehage i dag. Denne gongen lot eg vere å skape kaos slik eg gjorde førre gong vi testa ut åpen barnehage.

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Pappaperm dag 26

Og der kom det ei ny veke rekande på ei fjøl.

På Høgskolen i Oslo hadde dei stilt seg opp for å få studentar til å ta delar av utdanninga si i utlandet.

Minsten ville og ut i verden. Eg sa at det var litt tidelig og viste han heisen på Stortinget stasjon.

For den heisen luktar PISS og gjer at ein ikkje får lyst å reise nokon plass. Ein vil heller halde seg lenge inne enn å ta heisen på Stortinget stasjon.

Det irriterar meg at minsten ALDRI klarar å bruke den vesle leikesklia rett. Han skal alltid opp feil veg.

Men så sovna han og det hadde ikkje eg planlagt. Eg måtte fort meg å kjøpe bok og skaffe kaffiplass slik at eg fekk nytte sovetida maksimalt.

Men eg blir likevel distrahert av skilt.

Ved å hengje meg opp i små, enkle og uskyldige skrivefeil prøver eg vel egentleg berre å heve meg over andre folk. Det er så enkelt å ta utgangspunkt i skrivefeil når eg skal heve meg over andre. Eg treng ikkje trene og ete rett og øve meg. Eg kan berre lese, hengje meg opp i feil og heve meg over. Lett.

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm