Tag Archives: ord

Anbefalar alle som skriv på nett…

… å lese denne artikkelen frå Ordlysten. Drammens Tidene har komme fram til nokre retningslinjer for god nettredigering. Her har alle som skriv for nett mykje å lære

Drammens Tidene

Kommenter innlegget

Filed under blogg, dele, lenker

Dagens ord: Nepe

Fordi det er ein fint ord å ha i munnen. Nepe kan ein også bruke om sine medmenneskjer, både på ein fin og ein ikkje så fin måte.

 

From Flickr by m kasahara (CC)

From Flickr by m kasahara (CC)

 

 

Wikipedia:

Vanlig nepe (Brassica rapa ssp. rapa) er en underart av nepe og tilhører korsblomstfamilien. Nepe eller matnepe brukes som regel som betegnelse om de varianter som spises av mennesker. De som brukes som dyrefôr kalles turnips.

Kommenter innlegget

Filed under meiningar

Kva er sjarm?

L

I ei av bøkene om Pulverheksa tar Tyven sjarmen til Drømmeprinsen. Men mot slutten av boka ordnar Pulverheksa opp og Drømmeprinsen får att sjarmen sin. Sonen på snart fire ser på teikninga av Drømmeprinsen og kan ikkje sjå at sjarmen er på plass.

– Kor er sjarmen, pappa? Eg ser ikkje sjarmen? Kva er sjarmen? spør han.

Og eg lurer på kor leserettleiinga for foreldre er. For sjarm er ikkje noko enkelt ord å forklare for ein gut som snart fyller fire.

Sjarm, guten min, sjarm er det du må ha for å få deg kjæraste, seier eg.

– Kor kan eg skaffe meg litt sjarm, pappa? spør sonen. Eg vil ha kjæraste.

– Sjarm er noko du er født med, gode son, på same måte som øyrene dine, hjerta ditt og tankane dine, prøver eg meg.

– Men kor er sjarmen på meg? spør han attene.

 

Han kjem ikkje til å gi seg før han står der med ein pose sjarm som han kan legge i hylla si saman med dei ande leikene. Eg skjønnar at klokka er seint og eg skal slite med å komme til botn av denne saka.

– Gode gut, sjarmen din kjem til syne når du oppfører deg bra, er snill mot andre, leverar fine smil, er hjelpsam, kreativ og litt morosam, prøver eg meg.

Dette burde sette han ut av spel. Eg håpar med dette at sjarmballen er dau og lufta på god veg ut.

– Men kor kjem sjarmen? i munnen? spør han attende.

– Den kjem over heile deg, heile deg blir fylt med sjarm, svarar eg mens eg skrur på datamaskina for å finne hjelp.

 

Caplex snakkar om tilltalande og vinnande vesen. To ord som sonen heller ikkje vil godta. Wikipedia snakkar om charm som karisma – og så brukar dei ei heil rekke engelske ord som eg ikkje skal byrje å oversette til sonen.

 

Eg ber han legge seg og håpe på det beste.

– Kan hende du er heldig i natt, sonen min, kan hende du vaknar i morgon og er full i sjarm, seier eg på veg ut av rommet for å dyrke min eigen sjarm.

Éin kommentar

Filed under meiningar