Tag Archives: offentleg

UNGweb.no/val-09

ungwebDet skjer mykje på nettet under årets Stortingsval. Mykje spennande, mykje rart og mykje kjedelig. Eg ønskjer å peike på eit svært interessant prosjekt som går av stabelen i Møre og Romsdal.

Eg jobba ein periode på Fylkeshuset i Møre og Romsdal og var med på å etablere UNGweb – ein ungdomsportal for dei unge i fylket. I høve Storingsvalet er det etablert eit eige valprosjekt – www.ungweb.no/val-09. Her kan ungdom i fylket komme i nærkontakt med politikarane og politikken på ein enkelt og morosam måte.

UNGweb-val09

Eg ønskjer spesielt å peike på:

  • Politikarkart – med hjelp av Google maps kan ungdom i fylke sjå kor stortingskandidatane bur i fylket. Kanskje dei oppdagar kva for politikarar som kjem frå sitt eige nærmiljø? Kanskje nærleiken til politikaren vil gjere politikken litt meir interessant?
  • Politikarane svarar – her kan ungdom spørje partia – og dei får svar! takka vere eit godt samarbeid mellom UNGweb og dei politiske parti i fylket.
  • DebattgrafDebattgraf – dette er rosina i pølsa. UNGweb har latt tradisjonelt diskusjonsforum ligge og lagt det den gode samtalen opp som tankebobler. Inspirasjonen er henta frå debategraph.org og vidareutvikla for UNGweb. Spørsmål og kommentarar kan komme inn via web, men også sms/mms. Kvar veke kjem det ut eit nytt spørsmål som ungdom i fylket kan ta stilling til med ja/nei/veit ikkje, eller lenge resonnement.
Advertisements

2 kommentarar

Filed under jobb

MRfylke på Twitter og FB

Møre og Romsdal fylke er no å finne på både Twitter og Facebook. Så langt er det underteikna som sit med nøkkelen (les: brukernamn og passord) og henda på rattet. Håper etterkvart at fleire på Fylkeshuset finn seg til rette og kan ta i bruk dei nye nettverka. No er det opp til meg å forklare folket at dette er dialog, ikkje monolog.

I tillegg ser Møre og Romsdal fylke etter ein webutviklar:

 

Ledig stilling som webutviklar

Har du lyst til å lage heilt nye nettenester for Møre og Romsdal fylke? Informasjonsavdelinga er på jakt etter ein person som kan vidareutvikle tenestene våre på nettet. Vi leitar etter nokon som kan gjere seg kjend med, og evaluere, dei tenestene vi har i dag, og ikkje minst lage nye nettenester. Vi ønskjer óg at webutviklaren kan vere med på utvikle virtuelle fagnettverk for offentlege verksemder i fylket. Vi treng nokon som er strukturert, engasjert, sjølvdreven og initiativrik. Aktuelle kandidatar bør ha interesse for generelle trender på nett (web 2.0), sosiale nettenester. Du bør óg kunne noko om ein eller fleire av desse verktøya: PHP, eZpublish CMS og malspråk, AJAX-teknologiar (Javascript og XML), CSS og Adobe Flash.

 

Les om stillinga her

From Flickr by Ben McLeod

From Flickr by Ben McLeod

Kommenter innlegget

Filed under jobb, lenker

Hjelp til innlegg

10. desember skal eg halde eit innlegg på eit seminar vi arrangerar saman med Dataforeninga her i Molde. Seminaret har fått tittelen «Offentlig informasjonssky Nye tjenester – lavere driftskostnader«.

 

Innlegget mitt har fått tittelen:

Hvordan kan offentlige informasjonstjenester utnytte brukerskapt innhold?  

Forskjellige eksempler på webtjenester som er bygd opp med gratis verktøy samt brukerskapte løsninger. Hvordan nå målgruppen i stedet for at målgruppen skal komme til deg?
Hallvard Lavoll-Nylenna, prosjektmedarbeider, UNG-prosjektet, Møre og Romsdal fylke. Nettsjef for ungweb.no med en tung fot på webutviklerpedalen. Bakgrunn som lærer og politisk rådgiver.

 

Her er nokre av tinga eg har tenkt å komme inn på:

  • Fyrst og fremst på offentlege sider nå ut til brukarane og ikkje forvente at brukarane skal komme til dei. Det er nok av morosame sider der ute som plasserar ei, til dømes, kommunal nettsider veldig langt ned på rangstegen (nederst vil mange meine). Korleis nå ut til brukarane? RSS, applikasjonar, widgets, sosiale plattformen…..
  • Tenkte eg blant anna skulle vise dømer på mashups der offentlege nettenester kan bruke gratisløysingar. Den åpenbare døme er sjølvsagt Google maps. Kvifor ikkje sette barnehagesøknaden på Google maps med koblingar til ein wiki?  Så kan foreldre sjå kor barnehagen ligg og lese kva andre foreldre meinar om tilbodet og kvaliteten.
  • Tenkte eg også skulle innom tema kategorisering av innhald (tags). Tagging er etter min meining ein meir fornuftig måte å finne fram på nettet. La brukarane sjølv vere med å tagge innhaldet på offentlege sider. Om ikkje dette var nok er geo-tagging på full fart inn. Her er det berre å henge seg på.
  • Vidare vil eg komme inn på widgets/applikasjonar. Nettlesarar er på veg ut, applikasjonar på forskjellige plattformar, spesielt mobile, er på veg inn. Alle store offentlege nettenster bør kunne levere applikasjonar på ein del av tenestene sine. Dømer: postlister, siste nytt, kulturkalender, bilder, saker frå enkelte avdelingar (siste nytt frå jordbruk) osv.
  • Personlege plattformar. Offentlege sider må vere klar for mobile plattformar så fort som råd. Nettet er i ferd med å flytte seg over til mobilen og om ein ikkje heng med bli ein liggande attende i gjørma og kravle.

 

Andre innspel? Andre idear? gode dømer eg kan vise fram?

Éin kommentar

Filed under jobb

eBorger 2.0 og idear som ikkje heilt vil funke

eBorger 2.0Heidi Grande Røys har motteke ein rapport frå Peter Bae Brandtzæg og Martika Lüders (SINTEF) om at nettbrukarane ønskjer å vere med å spreie informasjonen frå det offentlege.

Her kan du last ned eBorger 2.0. Den alminnelige borger som leverandør av offentlig informasjon? (PDF)

Duoen frå SINTEF kjem med forslag om følgende tiltak:

  1. Et «WikiNorge.no» – et wikipedia for offentlig informasjon
  2. at sentrale deler av offentlige data gjøres tilgjengelig og gjenbrukbar
  3. at eForvaltningen inngår samarbeid med både norske og internasjonale såkalte «eGovgeek» aktører.

(side 5 i rapporten)

I utgangspunktet fine forslag. Men ein skal huske på eit par ting:

  • Offentleg informasjon er i utgangspunktet ikkje sexy
  • Norge er fortsatt eit lite land. WikiNorge krev mange (eg meinar mange) dedikerte og engasjerte menneskjer. Dette er dei same folka som i dag er aktive på Wikipedia, bloggar, forum, twitter osv. Gulrota skal vere ganske stor før du får denne gjengen over på eit lokalt wikiprosjekt som skal omtale sjukelønnsordninga i landet vårt.
  • Trur det kan bli noko lettare å finne nokre eGovgeek der ute. Har truffe nokre sjølv den siste tida. Men gjengen har ikkje mykje ekstra tid å hente. Sa eg gulrot?
  • Ein skal huske at 80-20 regelen (som egentleg er 99-01) gjelder på nettet også. Den største delen er forbrukarar. Berre ein liten del produserar. Og berre ein mikroskopisk del produserar noko nytt

 

Oppdatert 12.11: Arne Krokan skriv om det same fenomenet, det at veldig få produserar nytt. Hvordan Wikipedia virker (12. november 2008)

Carrots

Frå Flickr av .michael.newman.

Éin kommentar

Filed under meiningar