Tag Archives: musikk

Ein sint fugl sin song

Alle spelar Angry Birds for tida. Det kan virke sånn. Når junior er på symjing sit alle fedrene i garderoben og spelar Angry Birds mens dei ventar på at ungane skal lære å symje. Ungane veit dette. Dei vil heller sitte i garderoben og spele Angry Birds saman med fedrene. Det kan dei ikkje. Det er viktigare å kunne symje.

Om morgonen spalar alle arbeidstakarane Angry Birds på veg til jobb. Dei les ikkje lenger avisa og er ikkje lenger oppdatert på kva som skjer i samfunnet rundt seg.

No er Angry Birds musikken blitt tolka.

Dette kan vi like

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under dele, musikk, video

Råd frå far – Kva meinar du?

Du treng ikkje meine noko om alt mogleg. Du treng ikkje meine noko som helst sjølv om nokon spør deg kva du meinar om noko. Skal du gjere deg opp ei meining om det meste, endar du opp med for mangen meiningar og så kan du gå deg vill i meiningane dine. Du kan byrje med å meine noko om noko du er sikker på. Helst bør du byrje meine noko om noko du har erfart sjølv. Du kan og meine noko om ting du har lese. Men du skal vere forsiktig med å meine for mykje om ting du har høyrt.

CC frå Flickr av greekadman

Gjennom livet reknar eg med du kjem til å treffe folk med meiningar. Nokon har passeleg med meiningar, andre har veldig mangen meiningar. Pass på at du ikkje blir ståande og bruke for lang tid på å lytte til folk med veldig mangen sterke meiningar om det eine og det andre. Dette kan fort bli tid du kunne nytta på å lytte på litt god musikk.

CC frå Flickr av Miss Sydney Marie

Kommenter innlegget

Filed under gode råd

Råd frå far – korps

Eg er usikker på om korps er tingen. Sjølv spelte eg i korps. Men eg er fortsatt usikker på om korps er tingen. Det er fint å kunne spele litt musikk, uansett. Du burde lære deg minst eit instrument. Og du bør lære det rimelig godt. Endå viktigare er at du lærer å spele instrument saman med andre.

CC frå Flickr av arnybo

Musikk skal du spele med andre. Mangen vel å spele eit instrument saman med andre i korps. Det er her eg blir litt usikker.

Eg har ikkje noko imot korpsmusikk i seg sjølv. Det kan passe, i blant. Problemet er at korps kan bli litt einsidig. I lengda. Bruken er svært avgrensa. Og så gjer musikken at ein blir så taktfast og samstundes utan rytme og flyt. Det blir fort fire veldig flate for kvar takt du skal spele deg forbi.

Du skjønnar det, musikk handlar ikkje berre om å trykke på dei rette knappane til rett tid. Musikk handlar ikkje om å spele dei rette tonane til rett tid. Musikk skal komme frå ein plass inni kroppen. Ein plass i kroppen din som du opplever som god. Eg kan ikkje fortelje deg kor denne plassen er. Men eg lovar deg at du finn den ganske lett om du leitar og spelar. Eg er litt usikker på om du finn fram til denne gode plassen i kroppen når du spelar i korps.

Éin kommentar

Filed under gode råd

Frode André Bjørkli (1978-2010)

Foto: Sjømannskirken

Frode André Bjørkli. Foto: Sjømannskirken

Onsdag 27. januar 2010 skjedde det noko svært trist. Eit helikopter styrta og gjekk gjennom isen like utanfor Horten. Fire personar omkom. Eg kjente den eine av dei fire. Forde André Bjørkli vart berre 31 år. Eg vart fyrst kjent med Frode André i 1997. Vi gjekk begge på folkehøgskule saman. Etter dette møttes vi både tilfeldig og ikkje så tilfeldig i hovudstaden. Han jobba i eit eventbyrå. Eg fikla rundt som lydteknikar.

Det var berre gode ting å seie om Frode André. Eg såg han aldri med ei sur mine. Alltid eit smil. Ikkje berre eit smil, men ein hinsides latter i tillegg. Ein latter som var farlig smittsam. Og så kunne fyren syngje også (DB 28.01.10).

I kveld kom eg på noko eg heilt hadde gløymt. Ragnhild H. skreiv på tavla til Frode André på FB:

«Jeg vil aldri, aldri glemme våre fine år, alltid huske dine smil som om det var i går» – Fra «Bli hos meg» (1995), tekst og melodi Frode André Bjørkli.

På folkehøgskule arrangerte vi Grand Prix. Frode André stilte med sin eigen song «Bli hos meg». Ein song rett ut av læreboka til Grand Prix. Etter at han gjekk av med seieren i den lokale Grand Prix tevlinga tok vi med oss songen i studio og gjorde ein elles kjapp og grei innspeling. Den kan du høyre her: Bli hos meg

Elles kan høyre andre ting av Frode André på MySpace sida hans: http://www.myspace.com/frodeandre

Det er så ufatteleg trist at nokon som er så gode skal måtte forlate oss på denne måten så altfor tidelig. Heldigvis sitter det mange att med massevis av gode minner. Frode André lever liksom vidare på den måten.

Kvil i fred, Frode André

Kommenter innlegget

Filed under musikk, privat

Asiat på tur

Det er ikkje så ofte eg får tid og høve til å lage litt video, men i går fekk eg leika meg litt att. Video er moro og av og til dukkar det opp nokre små øyeblikk.

Eg er spesielt nøgd med den asiatiske turisten som vimsa rundt. Heilt tilfeldig, sjølvsagt.

Musikken er henta frå Free music archive som er fylt med gratis CC-lisensiert musikk. “I Feel Fantastic” av Jonathan Coulton. Videoen er lage til kampanjen «De som stemmer bestemmer» som skal få studentar til å stemme.

Kommenter innlegget

Filed under jobb, video

By:larm – Håkon Kornstad

by Fin Serck-Hanssen

by Fin Serck-Hanssen

Folkets Hus Auditoriet fredag 20. februar 2009

Håkon Kornstad er ein bra mann. Og han er spesielt bra på saksofonar. Minst tre saksofonar på denne fantastiske konserten. Og så var han heilt åleine med dei tre saksofonane og litt morosamt utstyr som sampla og loopa og sakka og forta.

Kornstad er svært dyktig på instrumentet sitt. Ein av dei dyktigaste eg har sett og høyrt. I tillegg har han ein groove som sit lett i foten sjølv om han spelar mykje anna rart utan rytme.

Sjølv om han var åleine på scena sto han for grooven og akkordane sjølv. Det var ikkje frijazz, det var ikkje soul, det var ikkje blues, det var ikkje jazz og det var ikkje pop – men det var litt av alt, i ein salig blandig.

Om Håkon Kornstad skal spele på eit lokale i nærleiken av deg bør ta på deg støvlane og komme deg på konsert.

Flink fyr

Kommenter innlegget

Filed under lenker, musikk

By:larm – Children and corpse playing in the streets

corpseMono 19. februar 2009

Children and corpse playing in the streets har fyrst og fremst eit bra rart namn. Namnet kjem av oversetting frå norsk til english:

“So, what happens in Norway on the 17th of may?”…

» Oh, it´s so very nice! It´s children and corpse playing in the streets!»

I følgje skrifta på veggen står to jenter bak gruppa, men dei har alltid med seg fleire. På torsdag hadde dei med seg tre andre.

Chrildren and corpse playing in the street spelar karamell-pop. Altså fin musikk eg nesten ikkje kan definere noko nærare. Rare og gode tekstar, fin sang, gitar, lydar, Casio-trommer, bassing og litt til. Plate vil eg kjøpe om den kjem ganske snart.

Éin kommentar

Filed under lenker, meiningar, musikk

By:larm – My little pony

poniMono 19. februar 2009

Min andre by:larm-konsert på torsdag var My little pony. By:larm definerar oslobandet som indiepop. Eg definerar det berre som pop. Men det var lett å høyre at Belle & Sebastian, Paul Simon (og sjølvsagt Simon and Garfunkel) og litt Beatles hadde inspirert opptil fleire i truppen. Truppen hadde ei litt statisk bassjente med stødige beat, ei forsiktig korjente med fine orgeltricks, ein flinkis frontfigur med perfekt kassegitarlyd, ein gitarist som har øvd inn mange licks og ein trommis som gjorde jobben.

My little pony har gjort det bra i Spania og burde gjere det endå litt betre her i landet framover. Konseptet lett-å-like-radio-musikk saman med trivleig-student-band og ein dæsj fine-folk-med-eigen-stil gjer denne gruppa likanes.

Kommenter innlegget

Filed under lenker, meiningar, musikk

By:larm – Tyyl!

Mono 19. februar 2009

tyyl2Min by:larm byrja med Tyyl! på Mono. Tyyl! kjem frå Fardal i Sogn og spelar melodiøs og rytmisk gitarrock. Akkurat slik ein kan like det på Mono ein torsdags kveld. Det digge med Tyyl! er at dei syng på klingande saognamaol noko som hjerta til ein odelsgut frå indre Sogn kan sette mykje pris på.

Sjølv om eg sto litt dårlig plassert (for det var jaggu meg ganske fult framfor scenen på Mono) og at korpartia var litt falske til tider og at basslyden berre var passe, likte eg godt det eg høyrde. Rock er moro. Saognarock er endå litt betre.

Kommenter innlegget

Filed under lenker, meiningar, musikk

YouTube samlar verda

YouTube Symphony Orchestra

YouTube har eit nytt spennande prosjekt på gang. The YouTube blog skriv om The Internet Symphony: YouTube’s Ochestra. Velg kva instrument du spelar, last ned notar, øv, øv masse, last opp din del av verket og høyr/sjå andre som har gjort det same.

Dette skal, slik eg har skjønt det, settast saman til eit gigantisk og globalt verk. Og så syr vi den vestlege verda endå litt meir saman. Saman om kulturen.

Eg gler meg

Kommenter innlegget

Filed under lenker, video