Tag Archives: minsten

home alone

heime åleine med minsten denne helga.

Måtte legge om kosthaldet litt.

Éin kommentar

Filed under bilde

God påske

Påskehøgtida her i huset byrja med å spre eder og galle, eller smittsam omgangssjuke om du vil, til heile den tilreisande familien. På denne måte kunne vi alle vere samla under det same vesle taket i ein svært så intim atomosfære. Intimiteten blir berre kjekkare av at timane går sakte og sola steiker ute.

No er den tilreisande storfamilien sendt heim der dei høyrer til og vi kan skylle sjukdommen ned i do, pakke vogna og oppleve litt byferie.

Søvn går på omgang, eller i etappar om du vil. I dag var det min tur. Eg vakne brått med nye pedagogiske idear. Minsten skulle få merke konsekvensane av å stå opp tidelig. Rett frå senga i kleda og ned til sykkelen og ut i været. Tanken var at han no kunne sjå at det ikkje var noko å stå opp etter.

For det var jo ikkje noko å stå opp etter. Men det brydde ikkje minsten seg om og tok til å vekke resten av nabolaget med ein smokka versjon av lille petter edderkopp.

God påske

Kommenter innlegget

Filed under ferie

Siste pappapermdag

Kl2130 åpna eg ei flaske vin for å feire noko eg ikkje var heilt sikker på om eg skulle feire med ei flaske fin vin.

Kl1430 henta eg minsten i barnehagen. Det var berre flaks som gjorde at eg tok med meg rett minsten heim. Alle dei små ungane hadde måla seg i andlete fordi det var karnevall. For det blir ikkje karnevall om ein ikkje kan måle seg i andlete. Helst med mangen fargar.

Kl1100 i dag fant eg ut at dette var siste dag i pappapermisjon. Det var like greit å komme fram til denne konklusjonen så tidelig på ein fredag. Eg trengte resten av dagen til å gjere andre ting. Kunne ikkje berre tenkje på pappaperm heile dagen heller.

Kl1900 var eg på teater. Det er ikkje ofte eg er på teater. Det er nok derfor eg gleda meg litt. Men dei banna så mykje på teater. Trur ikkje junior hadde godt av det.

Kl1200 i dag la eg eit brev til NAV i postkassa der eg ba om lov til å byrje jobbe på måndag att. No reknar eg med NAV handsamar søknaden i helga og ringer meg søndag kveld med beskjed om at eg kan få lov til å gå attende på jobb.

Kl0830 i dag leverte eg minsten i barnehagen. Han gleda seg. Dei skulle måle seg i andlete. Dei skulle ete pølser og. Minsten skjønte at det var mykje moro i vente.

Kl2230 sovna eg i sofaen. Realitetane vart lagt under sofaen.

Kl0900 lurte eg på kva eg skulle finne på i dag. Eg ville prøve å komme fram til ein heilheitleg plan for dagen.

Kl1300 kjøpte eg sparkel og pussepapir. Det passar å byrje på ein prosjekt no som eg IKKJE skal ha meir fritid heime. Eg kan bruke kveldana og helgane til å sparkle. Tur eg skal sparkle heile huset. Kva som skjer etter sparkel er eg meir usikker på.

Kl1056 vurderte eg å gå på jobb sjølv om eg er i pappaperm.

Kl2140 smakte vinen veldig fruktig.

Kl0600 vakna minsten og var svært så klar for fars havregraut.

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm