Tag Archives: Luster

Pappaperm dag 32

Vestlandsturen, siste del.

 

Alle turar tek slutt. Vi reiser alltid heim.

Og turen heim gjekk både kjapt og effektivt. Og bagasjen kom på bandet.

Og vi kunne kaste oss i bilen og stikke nasen mot hovudstaden.

 

Og så saknar vi alle dei vi kjenner innerst inne i fjorden. Og vi veit at fjella passar på dei.

 

Og vi gler oss allereie til neste gong vi reiser vestover.

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Pappaperm dag 31

Vestlandsturen, del 3.

Det er lett å finne fram innerst inne i fjorden. Vi har berre ein veg og den går sjølvsagt langs fjorden. Ein veg gjev oss to retningar. Innover og utover. Innover fjorden og utover fjorden. Nokon seier innafor og utafor og. Men det er uansett berre to retningar.

Inners inne i fjorden er det eit gryande kulturliv…

… på bedehuset. Bedehuset er innafor.

Og så blir vi alltid satt i arbeid inners inne i fjorden.

Fordi skogen veks seg tett på husa og det vil ein hels sleppe. Ein vil heller at sola skal skine.

I dag reiste vi på besøk til andre som er heime i perm.

Og det er ganske lett å finne fram inners inne fjorden. Så lenge ein veit om ein skal innover eller utover er resten tydelig skilta.

Før i tida var det ein tredje retning, inners inne i fjorden. Oppover. Men denne retninga er no nedlagt.

Det held med to retningar.

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Pappaperm dag 30

Vestlandsturen, del 2.

 

Vi vakna til ein ny dag i dag, vi tre gutane. Ein ny dag med eit nytt forsøk på å komme oss vestover.

På flyplassen ønskja dei oss alle god tur, att. Dei hadde ikkje gløymt oss.

Optimismen vart smurt godt utover andleta våre i det sola skinte rett inn på oss.

Og i det vi kunne skimte fjord og fjell på lang avstand, skjønte vi at dette ville gå vegen. Vi kom til å lande der vest ein plass.

Og langt der nede dukka rullebana opp. Som ein stor dau mark som gløymte å grave seg ned før vinteren kom.

Og resolutt gjekk vi frå flyet mot ankomsthallen for å sjå om nokon ville møte oss her oppe på fjellet.

Vi vart møtte og vi vart tatt med innerst inn i fjorden med dei bratte fjella. Og innerst inne i fjorden skinte sola ned på metervis med snø. Akkurat slik det var den gong eg var liten der inne i fjorden.

Vi gjekk i øde landskap og vi fant att ei gammal jakthytte og vi klatra høge tindar og gjekk over fire brear.

Og vi aka heile vegen ned att frå dei høge tindane som hadde strekt seg så høgt.

Og til slutt kjøttkakene til mor.

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Luster kommune 11. august 2008

Luster kommuneEg er heime i Luster ein tur i jula. Her heime har eg komme over eit brev frå rådmannen, Tore Eriksen, til alle dei tilsette i Luster kommunen. Kom faktisk over to brev, når eg tenkjer meg om. Begge foreldra jobbar i kommunen. Vel, det var ikkje poenget. Brevet som har utforming som eit tradisjonelt julebrev frå sjefen til dei tilsette har eit interessant avnsitt.

 

«For amerikanarane er 11. september blitt ein dato dei aldri vil gløyme. For ein del lustringar kan 11. august bli ein tilsvarande merkedag – men då med positivt forteikn. 11. august 2008 kåra Dagens næringsliv Luster kommune til beste kommune å bu i

Images from 9/11

Bilde av macten henta frå Flickr

 

Tore Eriksen

Tore Eriksen, rådmann i Luster kommune

 

Gode Tore Eriksen, kvifor kunne du ikkje heller dra parallellar til slaget ved Thermopylene (11. august 480 f.Kr.)? Eller samanlikne med 11. august 1953 då over 1000 personar mista livet i eit større jordskjelv i Hellas? Kvifor ikkje nemne opprettinga av Al-Quaeda 11. august 1988?

Framover kan Luster feire dagen saman med den pakistanske presidenten, Pervez Musharraf,  født 11. august 1943, Gunnar Halle (født 1965) og Atle Antonsen (født 1969).

 

Lenker:

Kommenter innlegget

Filed under meiningar