Tag Archives: liste

Stor trafikk til bloggen min

Dette er forteljinga om eit blogginnlegg:

I følgje loggen var det februar 2009, men eg trur blogginnlegget vart skrive lenge før det. Twitter var nytt og tøft for kvarmannsen og alle kasta seg på. Eg satte opp ei liste over politikarar som hadde ordna seg ein Twitterkonto. Lista voks og mange gav meg innspel på nye politikarar som testa ut dette spennande mediet. Etter kvart var dei fleste komme seg på Twitter og nye og grundigare oversiktar dukka opp. Eg gav lett opp politikere-på-Twitter-oversikt-prosjektet mitt og skreiv vidare på andre rare blogginnlegg.

Og no er det ei god stund sidan eg blogga i det heile. Ikkje noko å fortelje. Står litt stille for meg. Kan like greit halde kjeft.

MEN, i kveld stakk eg innom og studerte statestikksidene til WordPress litt. Og eg vart overraska, faktisk.

Blogginnlegget eg snakkar om over hadde trekt 56 besøk åleine den siste veka. Skal seie mange leser gammalt stoff, tenkte eg. Og så sjekka eg litt til:

  • Blogginnlegget har til saman hatt 9 327 besøk!!!!
  • I 2009 var det i snitt 26 personar innom innlegget kvar dag
  • I 2010 har dette (heldigvis) falt til 4 besøk per dag, men likevel…..?!
  • Dette er litt moro 🙂

Så, kvifor?

  • Eg har vore heldig.
  • Større sider har i periodar lenka til innlegget.
  • Eg har, utan å vite det heilt sjølv, blitt god venn med google. Alle som søkjer på «twitter» og «politikar» får meg på topp

Kva skal eg gjere no?

  • Burde eg berre fjerne innlegget? den er jo utdatert…..
  • Burde eg berre la innlegget vere? kjekt med trafikk til sida mi…
  • Burde eg få meg eit liv? yupp

vel?

(eg er fortsatt på Twitter, om ikkje anna….)

Advertisements

3 kommentarar

Filed under blogg, dele, lenker, twitter