Tag Archives: lese

Pappaperm dag 38

I dag skulle minsten teste barnehagen heilt åleine, lenge. Eg hadde gløymt å planlegge for ein slik dag og vart med eit sittande åleine i huset med ingen planar. Eg har i utgangspunktet ikkje noko imot tid for meg sjølv. Fint at det er stille. Men det går ei grense ein plass.

Grensa gjekk etter den fjerde kanna med kaffi.

Junior er i ferd med å løyse lesemysteriet. Her om dagen sat vi på bussen.

– Pappa, kvifor stå det AMEN på bussen? Er det i tilfelle vi skulle kræsje og dø og må komme oss til himmelen fort?

– Ja, det kan godt hende, svarte eg. Det er fint å komme oss fort til himmels om det skulle skje noko uventa. Men det hadde vore fint om du prøvde å lese dei tre bokstavane ein gong til slik at vi ikkje treng å tenkje på himmelene på ei stund.

– MAN, las han før han fortsatte: – Synd, hadde vore like greit om jentene kunne køyre buss også.

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Pappaperm dag 15

I dag ville eg freiste noko heilt nytt i pappapermen. Eg ville freiste å lese bok. Kanskje litt naivt, men det var verdt eit forsøk. Merk deg minsten i bakgrunnen med flaska si.

Eg klarte å lese fire sider! Og så måtte minsten lese litt også.

Og så sjekka vi «Mammablogg Awards 2010«, men fant ikkje pappabloggar så vi lot vere å stemme.

Men du verden så mangen rare og innahldslause mammabloggar det finst rundt om, til forskjell frå denne bloggen.

Kvifor flaggar dei på Oppsal i dag?

 

TGIF

3 kommentarar

Filed under pappaperm