Tag Archives: lærarutdanning

Endeleg ny lærarutdanning

Endeleg tek Regjeringa grep om lærarutdanninga. I dag skal ministaren for høgare utdanning, Tora Aasland, legge fram stortingsmeldinga om ny lærarutdanning. NRK har allereie plukka opp ein del av innhaldet – «Tøffare for lærarstudentar» NRK 6. feb 09.school1

 

Eg er sjølv utdanna allmennlærar og kan i følgje papira mine undervise frå 1. til 10. klasse. Det seier seg sjølv at det er stor forskjell mellom barn og pedagogikk i småskulen og ungdomsskulen. Eg var også så heldig å få vere med å evaluere heile allmennlærarutdanninga saman med NOKUT og la i september 2006 fram ein fyldig rapport med mange gode råd.

Ein av dei viktigaste råda vi kom med var å utvide  lærarutdanninga til fem år. I dag er det norske utdanningssystemet bygd opp rundt modellen 3 + 2 (bachelor – master). Det er derfor heilt unaturlig at ei utdanning skal ha ei heilt anna oppbygning. Det måtte i tillegg gjerast så mange store grep for å gjere utdanninga betre at vi i evalueringskomiteen ikkje såg anna muligheit enn å utvide utdanninga for å få plass til meir innhald (meir praksis, meir pedagogikk, større fokus på enkeltfag).

Tora Aasland ønskjer å  stille høgare krav til studentane. Det er absolutt på sin plass å stille høgare krav. I dag kan ein komme seg gjennom utanninga om ein har puls. Men Aasland må huske på at krava blir ikkje heva av ein stortingsmelding, av ein ny modell for lærarutdanning eller fine ord frå ministaren. Det er dei som underviser i utdanninga som kan stille krav. Og utan dei med på laget er eg redd ein skal sjå langt etter kvaliteten.

 

Eg kjem til å oppdatere denne bloggen når stortingsmeldinga offentleg.

 

bilda er henta frå Flickr og teke av Rob Shenk og har ein Creative Commons-lisens.

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under meiningar

Solhjell fører Clemet-politkken vidare

Kunnskapsministaren sa i dag på NRK at han vil skjerpe krava til lærarane og at dei må ha spesialkompetanse i dei faga dei skal undervise i (eit års fordjuping).

Vil skjerpe krava til lærarane

NRK: Vil skjerpe krava til lærarane

På bloggen sin presiserar Solhjell at han og regjeringa berre vurderar dette. Uansett interessant at SV og regjeringa no kjem etter og foreslår det same Clemet gjorde for nokre år sida.  Det er alltid forskjell på å sitte i regjering og i opposisjon, men differansen SV presterar er ein norgesrekord verdig.

 

For meg er det berre sjølvsagt at ein lærar skal ha kompetanse i det faget ein skal undervise i. Korleis kan ein, til dømes,  undervise i god engelsk når ein sjølv ikkje har anna enn den engelsken ein fekk på vidaregåande?

2 kommentarar

Filed under meiningar

Krav til lærarar

NRK 26. november 2008: Vil ikke ha lærere med 3 i norsk 

Det oppsiktsvekkande er ikkje at Høyre vil heve krava til å komme inn på lærarutdanninga, men at halvparten av dei som studerar no ikkje ville ha komme inn på utdanninga med kravet 4 i norsk og matte og karaktersnitt på 4.

Det skal, sjølvsagt, også skje ei personleg og fagleg utvikling under studiet. Men karakterane frå vidaregåande seier noko om innsats og fagleg kunnskap. Og god fagleg kunnskap er noko av det viktigaste ein må ha for å vere ein god lærar.

 

Kommenter innlegget

Filed under meiningar