Tag Archives: konkurranse

Pappaperm dag 27

Når ein har to barn og skal rekke ting kan det fort bli mas. Mitt beste triks er å gjere det meste om til konkurranse. Det er viktig at det er premie til vinnaren, men ikkje så viktig kva som er premien.

Korleis bli ferdig med den evigvarande frukosten?

«Fyrstemann som et opp skjeva si får lov til å drikke opp mjølka si. Sistemann er ein frosk.»

 

Korleis få på kleda i fornuftig tempo?

«Fyrstemann som kler på seg får middagen servert fyrst i ettermiddag. Sistemann er eit dådyr.»

«Fyrstemann som blir ferdig med tannpussen OG har dei finaste tennene (her er det viktig med ein kvalitetsindikator) får lov til å ta på dressen sjølv.»

Konkurransetrikset funkar ALLTID.

 

Det beste med å ha junior i friluftsbarnehage er at minsten og eg får ein god og frisk start på dagen.

Og slik fekk vi tid til å teste ut ein ny åpen barnehage i dag. Denne gongen lot eg vere å skape kaos slik eg gjorde førre gong vi testa ut åpen barnehage.

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm