Tag Archives: kaffi

Andre feriedag

Andre feriedag er alltid meir slitsam enn fyrste feriedag.

Eg jobbar med å få i meg nok kaffi. Så fort kroppen merkar mindre mengdar kaffi byrjar den å sakne jobben. Eg sjekkar eposten på jobben for å lure kroppen og kompansere litt for manglande kaffi. Det hjelper ikkje.

Ute ser eg på plenen som burde ha vore klippa førre veke. Eg kan ikkje klippe plenen når det regnar. Eg lar vere.

Advertisements

2 kommentarar

Filed under ferie

Bartemann

Kva skjer når ein er heime med sjuk unge og har drukke for mykje kaffi og ikkje orkar å sjekke eposten meir og er kvalm av godterirestar frå Halloween?

Kommenter innlegget

Filed under bilde, privat

Råd frå far – smake på

CC frå Flickr av Maurits Burgers

Du kjem, etter alt å døme, ikkje til å like kaffi fyrste gong du smakar. Du kjem heller ikkje til å like øl eller vin den fyrste gongen. Men ikkje så lenge etterpå vil du likevel føle at du likar kaffi, øl og vin. Og så kjem du kanskje til å drikke store mengder av alle tre slaga. Helst ikkje samstundes. Du må ikkje komme etterpå og skylde på nokon andre om du har smakt litt for mykje. Det var du som smakte på. Du har sjølv ansvar for det du smakar på.

Éin kommentar

Filed under gode råd

Pappaperm dag 7

Kom litt seint ut på nettet, denne dag 7. Det har seg sånn…

Dagen byrja ganske så bra. Minsten og eg reiste til Herr M for å feire at han hadde siste dag i pappaperm. Vi tok med sure skrikarungar og syltetøy frå Lerum.

Herr M diska opp med vafler og kaffi. Vi åt mange vafler, alle fire.

Og så fant vi ut at vi skulle kle guten min i jenteklede. Men etter at han fekk på seg ei rosa strømpebukse satte eg fote ned.

Og så gjekk minsten og eg heim. Og vi rakk akkurat å hente den andre guten i barnehagen før kroppen min kræsja og måtte han ein restart. Slik såg resten av dagen og natta mi ut.

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Julehandel…

image

image

…fungerar best saman med kaffi,brunost og avis. Til Dykk andre som er ute og svir av pengar, HA!

Kommenter innlegget

Filed under bilde, privat