Tag Archives: jobb

Andre feriedag

Andre feriedag er alltid meir slitsam enn fyrste feriedag.

Eg jobbar med å få i meg nok kaffi. Så fort kroppen merkar mindre mengdar kaffi byrjar den å sakne jobben. Eg sjekkar eposten på jobben for å lure kroppen og kompansere litt for manglande kaffi. Det hjelper ikkje.

Ute ser eg på plenen som burde ha vore klippa førre veke. Eg kan ikkje klippe plenen når det regnar. Eg lar vere.

2 kommentarar

Filed under ferie

Kva skjer i Australia?

australian-flag.org

Eg skal veldig snart på jobbtur til Australia. Har aldri vore der før og gler meg sjølvsagt. Fyrst nokre dagar til Brisbane og så til Sydney. Blir ikkje mykje fritid er eg redd. Men litt turisttid skal eg klare å klemme inn.

Eg skal blant anna sitte tjuefire timar på fly, kvar veg. Kva skal eg finne på? Lesetips?

Eg får ein dag og to kveldar til å henge rundt i Brisbane. Kor reiser eg?

Eg får to halve dagar og ein ettermiddag i Sydney. Kva skal eg gjere der?

Andre gode Australia tips?

Kommenter innlegget

Filed under gode råd, reise

Siste pappapermdag

Kl2130 åpna eg ei flaske vin for å feire noko eg ikkje var heilt sikker på om eg skulle feire med ei flaske fin vin.

Kl1430 henta eg minsten i barnehagen. Det var berre flaks som gjorde at eg tok med meg rett minsten heim. Alle dei små ungane hadde måla seg i andlete fordi det var karnevall. For det blir ikkje karnevall om ein ikkje kan måle seg i andlete. Helst med mangen fargar.

Kl1100 i dag fant eg ut at dette var siste dag i pappapermisjon. Det var like greit å komme fram til denne konklusjonen så tidelig på ein fredag. Eg trengte resten av dagen til å gjere andre ting. Kunne ikkje berre tenkje på pappaperm heile dagen heller.

Kl1900 var eg på teater. Det er ikkje ofte eg er på teater. Det er nok derfor eg gleda meg litt. Men dei banna så mykje på teater. Trur ikkje junior hadde godt av det.

Kl1200 i dag la eg eit brev til NAV i postkassa der eg ba om lov til å byrje jobbe på måndag att. No reknar eg med NAV handsamar søknaden i helga og ringer meg søndag kveld med beskjed om at eg kan få lov til å gå attende på jobb.

Kl0830 i dag leverte eg minsten i barnehagen. Han gleda seg. Dei skulle måle seg i andlete. Dei skulle ete pølser og. Minsten skjønte at det var mykje moro i vente.

Kl2230 sovna eg i sofaen. Realitetane vart lagt under sofaen.

Kl0900 lurte eg på kva eg skulle finne på i dag. Eg ville prøve å komme fram til ein heilheitleg plan for dagen.

Kl1300 kjøpte eg sparkel og pussepapir. Det passar å byrje på ein prosjekt no som eg IKKJE skal ha meir fritid heime. Eg kan bruke kveldana og helgane til å sparkle. Tur eg skal sparkle heile huset. Kva som skjer etter sparkel er eg meir usikker på.

Kl1056 vurderte eg å gå på jobb sjølv om eg er i pappaperm.

Kl2140 smakte vinen veldig fruktig.

Kl0600 vakna minsten og var svært så klar for fars havregraut.

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Pappaperm dag 39

Dilemma, folkens. Eg har eit dilemma. Nokon som kan rettleie meg?

Greia er at vi har betalt for ein barnehageplass heile februar (måtte jo takke ja når den kom rekanes på ei fjøl). No har vi testa ut barnehagen og minsten elskar konseptet. Han har det faktisk nesten like godt som ein plomme. Så, kva gjer eg no?

 

a) avslutte pappapermen, gå attende til jobb og ha nokre veker til gode

b) pusse opp huset

c) betale tomgansleige i barnehagen og henge med minsten

d) gå på jakt i skogen

e) lese mangen bøker

 

Vi rakk, om ikkje anna, heimatt slik at vi fekk med oss medaljar.

 

Heia alle oss i Noreg. Vi er best på ski. Alle saman.

4 kommentarar

Filed under pappaperm

Pappaperm dag 17

På veg til jobb i dag vinka vi til der minsten nesten vart født.

Og så jobba eg litt mens minsten sov…

…og så jobba eg litt mens minsten var våken.

Etter mykje jobb rusla vi oss ein tur på brygga og helste på ein måse vi hadde snakka med før.

Og så testa vi kjøpesenteret på Aker brygge. Kjedelig!! Men dei hadde ammerom….

Ikkje at vi trenger ammerom. Vi er store gutar og kan derfor gå på McDonalds.

Milkshake til minsten og kaffi til meg.

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Flesland

I ein innkapsla boblestol sit vi som ventar lenger enn dei andre på at tida skal komme fram til oss og sende oss opp i lufta mot nye høgder og nye byar. Eller kanskje vi berre skal heimatte. Vi som ventar har med vår eigen personlege datamaskin som vi kan trykke på slik at vi får gjort ting og registrert det heile som jobb. Vi er av dei heldige vi, vi som har eigen datamaskin, boblestol og arbeid vi må få gjort til vi kjem fram, eller heimatte.


Flesland 1
Flesland2

Kommenter innlegget

Filed under bilde

MRfylke på Twitter og FB

Møre og Romsdal fylke er no å finne på både Twitter og Facebook. Så langt er det underteikna som sit med nøkkelen (les: brukernamn og passord) og henda på rattet. Håper etterkvart at fleire på Fylkeshuset finn seg til rette og kan ta i bruk dei nye nettverka. No er det opp til meg å forklare folket at dette er dialog, ikkje monolog.

I tillegg ser Møre og Romsdal fylke etter ein webutviklar:

 

Ledig stilling som webutviklar

Har du lyst til å lage heilt nye nettenester for Møre og Romsdal fylke? Informasjonsavdelinga er på jakt etter ein person som kan vidareutvikle tenestene våre på nettet. Vi leitar etter nokon som kan gjere seg kjend med, og evaluere, dei tenestene vi har i dag, og ikkje minst lage nye nettenester. Vi ønskjer óg at webutviklaren kan vere med på utvikle virtuelle fagnettverk for offentlege verksemder i fylket. Vi treng nokon som er strukturert, engasjert, sjølvdreven og initiativrik. Aktuelle kandidatar bør ha interesse for generelle trender på nett (web 2.0), sosiale nettenester. Du bør óg kunne noko om ein eller fleire av desse verktøya: PHP, eZpublish CMS og malspråk, AJAX-teknologiar (Javascript og XML), CSS og Adobe Flash.

 

Les om stillinga her

From Flickr by Ben McLeod

From Flickr by Ben McLeod

Kommenter innlegget

Filed under jobb, lenker

Stemmer det, nytt år

Veit ikkje om eg er komme i gang med det nye året endå. Det gjekk litt fort på slutten, sjølv om det gjekk seint eit par veker i jula. Veit ikkje om eg er utkvilt, men snart skal eg byrje det nye året.

  • Eg skal avslutte ein jobb
  • Flytte
  • Byrje på att i den gamle jobben
  • Finne meg til rette
  • Bruke mindre tid bak datamaskina og meir tid på toppen av det heile

Og kanskje snart bli best til noko, kva veit eg. 2008 gjekk ikkje heilt vegen, men eg trur det meste kan komme på sporet i løpet av 2009. Skal prøve.

Kommenter innlegget

Filed under privat

Hjelp til innlegg

10. desember skal eg halde eit innlegg på eit seminar vi arrangerar saman med Dataforeninga her i Molde. Seminaret har fått tittelen «Offentlig informasjonssky Nye tjenester – lavere driftskostnader«.

 

Innlegget mitt har fått tittelen:

Hvordan kan offentlige informasjonstjenester utnytte brukerskapt innhold?  

Forskjellige eksempler på webtjenester som er bygd opp med gratis verktøy samt brukerskapte løsninger. Hvordan nå målgruppen i stedet for at målgruppen skal komme til deg?
Hallvard Lavoll-Nylenna, prosjektmedarbeider, UNG-prosjektet, Møre og Romsdal fylke. Nettsjef for ungweb.no med en tung fot på webutviklerpedalen. Bakgrunn som lærer og politisk rådgiver.

 

Her er nokre av tinga eg har tenkt å komme inn på:

  • Fyrst og fremst på offentlege sider nå ut til brukarane og ikkje forvente at brukarane skal komme til dei. Det er nok av morosame sider der ute som plasserar ei, til dømes, kommunal nettsider veldig langt ned på rangstegen (nederst vil mange meine). Korleis nå ut til brukarane? RSS, applikasjonar, widgets, sosiale plattformen…..
  • Tenkte eg blant anna skulle vise dømer på mashups der offentlege nettenester kan bruke gratisløysingar. Den åpenbare døme er sjølvsagt Google maps. Kvifor ikkje sette barnehagesøknaden på Google maps med koblingar til ein wiki?  Så kan foreldre sjå kor barnehagen ligg og lese kva andre foreldre meinar om tilbodet og kvaliteten.
  • Tenkte eg også skulle innom tema kategorisering av innhald (tags). Tagging er etter min meining ein meir fornuftig måte å finne fram på nettet. La brukarane sjølv vere med å tagge innhaldet på offentlege sider. Om ikkje dette var nok er geo-tagging på full fart inn. Her er det berre å henge seg på.
  • Vidare vil eg komme inn på widgets/applikasjonar. Nettlesarar er på veg ut, applikasjonar på forskjellige plattformar, spesielt mobile, er på veg inn. Alle store offentlege nettenster bør kunne levere applikasjonar på ein del av tenestene sine. Dømer: postlister, siste nytt, kulturkalender, bilder, saker frå enkelte avdelingar (siste nytt frå jordbruk) osv.
  • Personlege plattformar. Offentlege sider må vere klar for mobile plattformar så fort som råd. Nettet er i ferd med å flytte seg over til mobilen og om ein ikkje heng med bli ein liggande attende i gjørma og kravle.

 

Andre innspel? Andre idear? gode dømer eg kan vise fram?

Éin kommentar

Filed under jobb

YouTube på UNGweb

Utviklarfirma skulle ha nesten 100 000kr for å få på plass YouTube integrasjon på UNGweb. I dag fant eg ei bakdør. Berre detlajar att før det ser bra ut.

 

YouTube på UNGweb

YouTube på UNGweb

Kommenter innlegget

Filed under jobb, video