Tag Archives: Ikea

Pappaperm dag 5

Dei har billig frukost på Ikea så vi var tidelig på plass for å sikre oss den beste eggerøra.

Minsten ville ikkja ha minipølser så eg satte han i ballrommet. Når eg kom attende hadde ein tilsett sugd opp alle barna og ballane inn i ei stor maskin.

Tok litt tid før eg fant guten min att.

Etter at eg fant han i vaskemaskina på Ikea gjekk vi. Og eg gjekk på ei glasdør som ikkje var til sals.

Og så måtte vi jobbe litt på Høgskolen i Oslo. Minsten laga nettsider og eg drakk kaffi.

Og så åt vi lunsj med dei andre på kontoret mens vi diskuterte straum- og bustadprisar.

og til slutt hjelpte vi nokre studentar som skulle til Australia.
men no er det helg og eg veit ikkje om eg har pappaperm i helga. Skal høyre med NAV. Om eg ikkje har pappaperm i helga kan eg vel la vere å blogge om det….

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Pappaperm dag 2

Etter at det store garderobeskåpet var flytta ut av rommet var det på tide at Vesle Snekker og underteikna fylte tomrommet. Turen gjekk til Sirkus Ikea. Billige kjøttbullar for mangen, dyrt for oss få.

På Ikea er det aldersgrense på ballrommet. Kva er poenget med ballrommet når ikkje Vesle Snekker kan bruke det?? Vi fant eit smutthol.

Du kan skimte Vesle Snekker nede til venstre attmed den gule ballen. Litt synd at dei som jobba i ballrommet ikkje skifta bleia hans.

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

alkohol på Ikea

Eg visste kva eg gjekk til. Eg visste kva eg hadde i vente. Men eg berre måtte. Eg måtte fikse ein del ugjorte ting.

Laurdag måtte eg på Ikea midt på dagen. Sidan dei faktisk ikkje har alt på Ikea (!) måtte eg vidare på Alna-senteret etterpå. Det også ganske midt på dagen. Grusomt. Alle dei andre er der også. Men hovudproblemet er ikkje mengden folk. Problemet er det dårlige humøret folk tar med seg på butikken. Folk tutar, veivar og hyttar med nevane, snakkar rart (eller stygt) til kona si, eller nedverdigar mannen med usømmelege kommentarar.

– Denne kunne passa inne på kontoret, kjære, høyrer eg ein mann seie til ei dame mens han peikar på eit beskjedent møbel som kan vere med å sortere livet hans.

– Den er jo heilt grusom, den kan du ikkje kjøpe og dra med deg inn i mitt hus, svarar dama kjapt før ho tar frå han handlevogna, svingar seg forbi nokre skrikande ungar og plutselig ligg minst ti meter framfor han i løypa. Eit godt og effektivt rykk om ein skal sjå det heile med sportsbrillene på. Mannen står skuffa att og må bite i seg opp til fleire fargerike setningar han kunne tenkje å levere attende til dama som har forlatt han.

– Men den var jo litt praktisk, då, er det einaste han klarar å svare der han står attende, åleine.

Eg lurer på om laurdagsroen kjem til å finne seg til rette i den heimen. Kanskje Grand Prix kan hjelpe på det heile?

IKEA (CC) from Flickr by yassan-yukky

Ein annan familie på folkevandring blant utstilte sofaer på Ikea har med seg minst to barn. Kan hende ein burde innføre ein eller annan form for aldersgrense på Ikea, tenkjer eg. Barna er leie. Dei har sikkert vore der i mange timar. Det var fullt i herberget. På Ikea er herberget fylt med farga plastikkballar.

– Kan du halde att munnen din? No har eg høyrt på maset ditt sidan vi kom inn døra her, seier mora litt for høgt til det eine barnet. Alle i ein femtenmeters omkrets føler seg truffe av mora og held munnen godt lukka. Det blir litt for stille i sofaavdelinga på Ikea.

– Men mamma, kan vi ikkje sjekke om det er ledig på ballrommet no? Så kan du handle for deg sjølv mens vi leikar der? Og så kan du hente oss etter at du har betalt og pakka i bilen? Mamma? Mamma? Kan vi ikkje sjekke om det er ledig? Mamma? Ballrommet? Eg er tyste? Mamma?

– No klappar du att kjeften din elles kan du gløyme både snop, barneteve, vener, bestevener, eiga seng og klede dei neste fem åra.

– Eg vil heime til pappa og sparkle veggen, mamma. Kan eg få sparkle veggen heime saman med pappa, NO, mamma?

Eg trur Ikea kunne hjelpt oss alle, eg tenkjer på samfunnet som ein heilskap her, om dei hadde innført aldersgrense og byrja selje alkohol. Det kan sjå ut som om alkohol er den einaste redninga. Ein drinkdispencer i kvar møbelavdeling. Trur Ikea ville ha auka omsetninga si også. Og så ville folk ha vore blidare og hyggeligare.

Éin kommentar

Filed under meiningar