Tag Archives: hio

Pappaperm dag 35

Eit år i går og klar for kontrollen i dag. I dag skulle helsesøster registrere høgde, vekt og hjerne.

I tillegg noterte ho seg generell informasjon om adferd, næringsinntak, næringsuttak, søvn og verbal framtoning. Eg prøvde å svare etter beste evne.

Og så måtte vi teste kor tøff han egentleg er med å sette heile to vaksinar. Og det skal eg fortelje deg, gode blogglesar, minsten han gadd ikkje bry seg om stikka ein gong. Så det så.

På kontoret seinare i dag prøvde vi å ta kopiar av bleia til minsten…

… og så fordele bileta rundt om i posthyllene til dei andre.

Dei gler seg sikkert til eg kjem attende på jobb.

Vi forta oss frå jobben til favorittfrisøren min, Frk N.

Før:

Under:

Etter:

 

god helg

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Pappaperm dag 26

Og der kom det ei ny veke rekande på ei fjøl.

På Høgskolen i Oslo hadde dei stilt seg opp for å få studentar til å ta delar av utdanninga si i utlandet.

Minsten ville og ut i verden. Eg sa at det var litt tidelig og viste han heisen på Stortinget stasjon.

For den heisen luktar PISS og gjer at ein ikkje får lyst å reise nokon plass. Ein vil heller halde seg lenge inne enn å ta heisen på Stortinget stasjon.

Det irriterar meg at minsten ALDRI klarar å bruke den vesle leikesklia rett. Han skal alltid opp feil veg.

Men så sovna han og det hadde ikkje eg planlagt. Eg måtte fort meg å kjøpe bok og skaffe kaffiplass slik at eg fekk nytte sovetida maksimalt.

Men eg blir likevel distrahert av skilt.

Ved å hengje meg opp i små, enkle og uskyldige skrivefeil prøver eg vel egentleg berre å heve meg over andre folk. Det er så enkelt å ta utgangspunkt i skrivefeil når eg skal heve meg over andre. Eg treng ikkje trene og ete rett og øve meg. Eg kan berre lese, hengje meg opp i feil og heve meg over. Lett.

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Pappaperm dag 17

På veg til jobb i dag vinka vi til der minsten nesten vart født.

Og så jobba eg litt mens minsten sov…

…og så jobba eg litt mens minsten var våken.

Etter mykje jobb rusla vi oss ein tur på brygga og helste på ein måse vi hadde snakka med før.

Og så testa vi kjøpesenteret på Aker brygge. Kjedelig!! Men dei hadde ammerom….

Ikkje at vi trenger ammerom. Vi er store gutar og kan derfor gå på McDonalds.

Milkshake til minsten og kaffi til meg.

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Pappaperm dag 4

Vi testa ut mykje nytt i dag, vi to.

Fyrst testa vi Facebook Places og fortalte alle kor vi var.

Og så testa vi ut åpen barnehage på Grønland. Med barn i åpen barnehage får ein ofte følgjande spørsmål:

  1. Kven er barnet ditt?
  2. Kva heiter han?

Eg hadde ein god dag og prøvde ut forskjellige svar:

  1. Eg peikte på forskjellige barn på spørsmål om kven som var min. Det vart litt kaos til slutt. Litt pinlig når eg peikte på barnet til den som spurte.
  2. På spørsmål om kva barnet mitt heiter fekk eg testa ut litt forskjellig: Frank-Roger, Kåre-Johan, Nan og Pokus.

Folk reagerar forskjellig

    Etter litt mat måtte vi jobbe litt. På Høgskolen i Oslo gjekk vi på møte om sosiale medier. Før vi gjekk på møte måtte vi teste ut sosiale medier litt til.

    Og så vinka vi til kongen på veg heim.

    Éin kommentar

    Filed under pappaperm

    Kartprosjekt

    Eg jobbar for tida på internasjonalt kontor ved Høgskolen i Oslo. Her er eg i gang med eit lite kartprosjekt. Det har seg sånn at studentar ved HiO kan ta delar av utdanninga si ved våre mange partnerinstitusjonar i utlandet. Dette har til no vore presentert i kjedelege lister og pdf-dokument. Kanskje vi kan få fleire til å bli interesserte og reise ut om vi presenterar dette på ein litt meir spennande måte?

    Så langt er eg komme til no.

    Vegen vidare

    Eg skal etterkvart legge til ei rekke nye institusjonar vi har avtalar med. Men, er det mogleg å gjere diverse søk/avgrensingar i kartet? Er det mogleg å berre vise institusjonar som, til dømes, passar for studentar ved avdeling for ingeniørfag? Og finst det andre gode idear til korleis bruke kartet?

    Kommenter innlegget

    Filed under jobb