Tag Archives: GoogleMaps

Kartprosjekt

Eg jobbar for tida på internasjonalt kontor ved Høgskolen i Oslo. Her er eg i gang med eit lite kartprosjekt. Det har seg sånn at studentar ved HiO kan ta delar av utdanninga si ved våre mange partnerinstitusjonar i utlandet. Dette har til no vore presentert i kjedelege lister og pdf-dokument. Kanskje vi kan få fleire til å bli interesserte og reise ut om vi presenterar dette på ein litt meir spennande måte?

Så langt er eg komme til no.

Vegen vidare

Eg skal etterkvart legge til ei rekke nye institusjonar vi har avtalar med. Men, er det mogleg å gjere diverse søk/avgrensingar i kartet? Er det mogleg å berre vise institusjonar som, til dømes, passar for studentar ved avdeling for ingeniørfag? Og finst det andre gode idear til korleis bruke kartet?

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under jobb

Ein ide: Barnehagemashup

Inspirert av Bente Kalsnes sin artikkel i Magasinet 4.12.2008 dukka det opp ein ide i hovudet mitt.

Briter viser nordmenn veien til eDemokrati – Kan en nettside forbedre politikken? Geekene i mySociety tror det.

 Sjå også Bente sin blogg – Lessons learned from mySociety

 

Sist eg skulle søke barnehageplass til junior måtte eg ha oppe fleire forskjellige vindauge i nettlesaren min samstundes.

  1. søknadsskjema
  2. oversikk og informasjon over barnehagane eg kunne søke plass i med blant anna adresse og antal plassar
  3. kartteneste for å finne ut kor barnehagen låg.

 Dette kunne kommunen (eller andre) lett ha gjort mykje enklare. Eg som brukar kunne ha trykt meg fram til søknadsskjema, fylt inn personleg informasjon, og så komme vidare til eit kart (til dømes Google Maps som er gratis). Kartet kunne ha markert alle barnehagane i nærområdet. Ved å klikke på ein barnehage kunne eg ha fått opp informasjon om barnehagen i ein flytane boks på toppen av kartet. I denne  infoboksen om barnehagen kunne eg ha markert om eg ville søke plass på akkurat denne barnehagen og evnt kva prioritet i søknadsskjema den skulle ha.

Ein vidare tanke kan vere at foreldre som allereie har barn i akkurat den barnehagen kan legge inn kommentarar på den aktuelle barnehagane. Kommentarar i kva grad dei var nøgde med tilbodet, bra uteområde, god lunsj osv.

Korleis kan ein kommune få på plass slike verktøy?

Legg informasjonen sin tilgjengeleg for brukarar som vil utvikle verktøy. Ei xml-fil kan ofte vere det enklaste og beste.

Berre ein ide, altså. 

Lettare tilgang til barnehage

Kommenter innlegget

Filed under meiningar