Tag Archives: frukost

Pappaperm dag 36

Ei ny spennande veke er i gang, folkens. Det mest spennande er at minsten hadde sin fyrste dag i barnehagen i dag.

Og når far skal øve seg på å frakte to søner i barnehagen blir det havregraut til frukost.

Gode og mette var det fyrst levering av son nummer ein i skogen.

Og så var det tid for å teste ut minsten sin barnehage.

Og barnehagetestinga gjekk som smurt og minsten hadde det bra og eg fekk lese avis og alle gleda seg til vi kom att neste dag. Reknar eg med.

Men kvifor flaggar dei på Oppsal i dag, att?

Stadig flagging på gang. Slik eg ser det.

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Pappaperm dag 33

Ein ny vanleg kvardag i heimen banka på døra og serverte oss frukost.

Vi fortsatte dagen med å øve på barnehage. Det er viktig å øve seg. På måndag byrjar alvoret.

Og så måtte vi øve på å sove. Eg gjekk ein laaaang tur. Minsten vart meir og meir blid.

Og eg avslutte dagen i garderoben til symjebassenget der junior lærer seg å symje. Fordi det er viktig å kunne symje.

 

Kanskje viktigare enn å spele fotball.

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Pappaperm dag 6

Heime med to ungar i dag. Typisk barnehagen å legge planleggingsdagen i veka. Vel, lang frukost, om ikkje anna.

Mens den eine ungen støvsugar opp etter frukost…

…er den andre ute og forberedar seg til snøballkrig mot dei andre ungane i nabolaget. (Dei er tydelegvis ikkje ramma av planleggingsdag i dag). Etter nokre timar intens jobbing er det gravd fram mangen underjordiske gongar og eit stort lager med harde snøballar er pakka og klare.

Vinnaren av snøballkrigen vant ei lausbikkje. Vinnaren var, sjølvsagt, junior.

Lausbikkja kunne brukast til kveldskosen for den aller minste. Bra for oss. Sikkert bra for lausbikkja også.

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Pappaperm dag 5

Dei har billig frukost på Ikea så vi var tidelig på plass for å sikre oss den beste eggerøra.

Minsten ville ikkja ha minipølser så eg satte han i ballrommet. Når eg kom attende hadde ein tilsett sugd opp alle barna og ballane inn i ei stor maskin.

Tok litt tid før eg fant guten min att.

Etter at eg fant han i vaskemaskina på Ikea gjekk vi. Og eg gjekk på ei glasdør som ikkje var til sals.

Og så måtte vi jobbe litt på Høgskolen i Oslo. Minsten laga nettsider og eg drakk kaffi.

Og så åt vi lunsj med dei andre på kontoret mens vi diskuterte straum- og bustadprisar.

og til slutt hjelpte vi nokre studentar som skulle til Australia.
men no er det helg og eg veit ikkje om eg har pappaperm i helga. Skal høyre med NAV. Om eg ikkje har pappaperm i helga kan eg vel la vere å blogge om det….

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm