Tag Archives: framtida

Skeptiske skinnvestar

Bente Kalsnes oppfordra meg til å blogge om skinnvestar. Det er sjølvsagt ei oppfordring eg tek på strak arm.

skinnvest

Eg har dei siste vekene vore på ein liten turne i Møre og Romsdal for å tilby lærarane i den vidaregåande skulen webverktøy fram mot stortingsvalet i år.

Gjennom prosjektet eDemokrati 0.9 har UNGweb.no fått 500.000.- frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet til å utvikle webverktøy på UNGweb.no-plattformen som kan vere med å engasjere og auke valoppslutninga blant dei yngste veljarane.

Eg meinar tilbodet til lærarane er godt:

  • Dei som vil kan vere med, altså ikkje noko form for tvang.
  • Vi tar på oss å utvikle/sette saman webverktøy som lærarane kan bruke i skulen fram mot stortingsvalet. 
  • Vi tilbyr opplæring i bruken av webverktøy
  • Vi tilbyr og garanterar dialog med aktuelle politikarar gjennom webverktøya
  • Webverktøya kan brukast både lokalt og på fylkesnivå

Nokre av døma eg har vist fram på turneen er:

I fagplanane i den vidaregåande skulen står det mykje om at elevane skal lære seg å skrive, argumentere, lære om IKT, demokrati og samfunn. Dette er noko lærarane må jobbe med og vi kjem ikkje inn med noko ekstra arbeid. Likevel, og utan unntak har det vore mykje skepsis rundt dette prosjektet blant lærarane. Og utan unntak kjem det meste av skepsisen frå lærarar i skinnvest.

Ein norsklærar reiste seg etter presentasjonen og sa at på vegne av alle «vi vil ikkje vere med på denne teknologikarusellen«. Andre skinnvestar klaga over for dårlig tid, over internetten som er fylt opp med trøbbel, om at det allereie finst debattar der ute og at elevane skal gjennom pensum.

vest2

Heldigvis finst det også nokre unge og lovande lærarar der ute som vil vere med. Men kva er det med lærarar i skinnvestar og frykten for teknologien?? Alltid bra med litt sunn skepsis, men det må vere med måte, vel….

 

Mange bra kommentarar frå Twitter også:

  • m_strandengen @JazzyHal – IT-ansvarlige i offentlig virksomhet gjør ofte endringsarbeid i motbakke
  • ksevik @JazzyHal hjelpe meg – vi har et stykke arbeid foran oss… teknologikarusell? kom deg på!
  • teknobloggen @JazzyHal haha, jeg vedder på han trodde det var et argument. Fantastisk
  • astronewth @JazzyHal Ja, vokt deg for skinnvestene. Roten til mye bakstreversk skjuler seg bak det elegante plagget.
  • ksevik @JazzyHal la oss høre om skinnvestene!! 🙂
  • eide @JazzyHal du har tydlegvis funne deg ei utømmelig kjelde med skinnvestar!
  • benteka @JazzyHal Når du har tid, skriv en bloggpost om skinnvestene:-) Jeg kan love deg, få skinnvester i Brussel. Men mye dresskledd webangst.

 

bilda er henta frå Flickr og teke av Kyle Kesselring og unclejerry og har ein Creative Commons-lisens.

Kommenter innlegget

Filed under jobb, meiningar

Eg kan tippe trendar og

Framtida

Frå Flickr av PrASanGaM

Astrid Meland inspirerte meg til å tenkje framomver etter eit oppslag i DN. Eg kan tippe trendar og, sjølv om eg ikkje er utdanna trendanalytikar.

Eit lite kjapt forsøk på ting eg har tenkt på i dag

INN – dette bringer framtida:

  • Dagbladet kjem berre ut kvar fredag med innhald ein kan lese og bli 2 gram smartare av. Resten av ulla blir lagt på http://www.db.no.
  • Fleire lesarar til Morgenbladet.
  • Internetten:
    • meir widgets og appliksjonar for å lever innhald frå den store informasjonsskya direkte heim til deg
    • masse meir web på mobilen
    • endå meir video
    • Nettlesarane slik vi kjenner dei i dag (Firefox, IE, Chrome, Safari, Opera) forsvinner i løpet av 5år – eigne applikasjonar gjer jobben
  • Fastpris på mobil – kvifor kjem mobilselskapa så langt bak resten av verda (les breiband)???
  • Nye kjendisar, heile tida – uansett

UT – framtida klarar seg godt utan:

  • Trendanalytikarar
  • Biografiar av folk som endå ikkje er 50år
  • Kjendisar som ikkje er kjendisar
  • For mykje pengar mellom hendene utan mål eller meining
  • vg.no

Om to år har eg rett på minst 80 prosent av det over her. Lovar

Kommenter innlegget

Filed under meiningar