Tag Archives: folk

Enkelte folk og pappapermisjon

Kvifor må enkelte trykke 8 gonger på knappen som skal åpne døra på t-bana? det holdt med ein gong sist eg prøvde.

Kvifor må enkelte tenne på sigaretten inne i bussen, fem sekund før dørane blir åpna?

Kvifor må enkelte rope høgt når øyra mitt er like ved?

Kvifor må enkelte dytte meg for å komme fram? eg kunne ha dytta dei same enkelte mykje hardare fordi eg er både høgare og sterkare.

Kvifor kan ikkje enkelte oppføre seg?

 

Det har vore litt travelt i dag, kan du seie.

 

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Femte dag i pappapermisjon

I dag har vi vore ute blant folk. Ute blant folk skjer det ofte rare ting.

Eg stussar ofte over folk. Folk kan finne på dei merkelegaste ting.

Det har seg sånn, at:

Det er kjekt at folk blir glade og smiler når dei ser sonen (og meg). Folk får lov til å komme bort, bøyge seg ned og seie hei til sonen i vogna. Det er også lov til å spørje kor gammal han er og kva han heiter. Det er greit at folk spør om kvifor han fekk akkurat det namnet. Det er kjekt at folk seier han er fin og at han liknar på meg.

Det er IKKJE greit å stikke fingrane i munnen hans. Det er heller ikkje greit å klype han i nasen eller prøve å løfte han ut av vogna utan å spørje fyrst. Det er heller ikkje stas å riste i vogna for å få han til å sovne når han nettopp har vakna. Folk treng heller ikkje synge rare sangar til han sånn utan vidare, det klarar eg sjølv. Det er teit å spørje fem gonger om namnet når ein fekk det med seg fyrste gongen. Det er uakseptabelt å le høgt av namnet hans (det plagar sikker ikkje sonen, men eg misslikar det). Det er rart å seie at han liknar på mora når ein ikkje veit korleis mora ser ut. Og eg likar ikkje å bli fortalt korleis eg burde kle på ungen (eg har to andre ungar og begge lever. Ingen fraus i hjel).

Takk til folk

2 kommentarar

Filed under pappaperm