Tag Archives: flyplass

Fotmasøren Pok

For å få tida til å gå her på flyplassen i Singapore oppsøkte eg fotmasøren Pok.

– Where are you from? You look like you come from a cold country, spurde Pok

– I come from Norway, svarte eg. I am a viking. Look after you daughters.

– Ha, svarte Pok. We make better school result then Norway. Look after yourself.

Eg vart litt satt ut og fant etterkvart ut at det faktisk var PISA-resultata han sikta til.

Etter masasjen fekk eg testa fiskebassenget til Pok. Dei skulle ete alt som var gammalt på føtene mine. No kan eg trygt fly til Brisbane.


Advertisements

2 kommentarar

Filed under reise

Pappaperm dag 32

Vestlandsturen, siste del.

 

Alle turar tek slutt. Vi reiser alltid heim.

Og turen heim gjekk både kjapt og effektivt. Og bagasjen kom på bandet.

Og vi kunne kaste oss i bilen og stikke nasen mot hovudstaden.

 

Og så saknar vi alle dei vi kjenner innerst inne i fjorden. Og vi veit at fjella passar på dei.

 

Og vi gler oss allereie til neste gong vi reiser vestover.

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Flesland

I ein innkapsla boblestol sit vi som ventar lenger enn dei andre på at tida skal komme fram til oss og sende oss opp i lufta mot nye høgder og nye byar. Eller kanskje vi berre skal heimatte. Vi som ventar har med vår eigen personlege datamaskin som vi kan trykke på slik at vi får gjort ting og registrert det heile som jobb. Vi er av dei heldige vi, vi som har eigen datamaskin, boblestol og arbeid vi må få gjort til vi kjem fram, eller heimatte.


Flesland 1
Flesland2

Kommenter innlegget

Filed under bilde