Tag Archives: fly

Eg skal ikkje ut å fly

Men kvifor står ikkje denne på Gardermoen?

2 kommentarar

Filed under bilde

Kenguru

Eg lovar deg, kenguru blir den nye greia. Kanskje iPad2 er greia no 2011, men kenguruen blir det store i 2012. Rett før verda går til grunne tar dei steget opp til fyrsteplassen som hundane har hatt så veldig lenge og dei blir der fram til noko anna skjer.

Kenguru bidreg med stor underhaldning. Med 100 kenguruar hoppande rundt i Oslo ville vi fått slutt på forsøpling, nasking, rusmisbruk og hikking. India burde også vurdere å bytte ut kyra sin med kenguruar. Dei tek ikkje så mykje plass og så er det lettare på foten.

Australiaturen mintek snart slutt. Framfor meg ventar litt for mangen timar med fly, flymat, filmar på små skjermar, flyvertinner som vekker meg kvar gong det ristar litt i flyet med beskjed om at eg må ta på meg setebeltet sjølv om eg allereie har det på meg. Men eg skal ikkje klage.

Eg skal jo faktisk FLY gjennom lufta frå den eine sida av jorda til den andre på rekordtid. Før brukte folk to generasjonar på å komme frå Australia til Europa. Eg skal fly gjennom lufta mens eg et og drikk på same tid. Tenkje seg til.

Kommenter innlegget

Filed under reise

Kva skjer i Australia?

australian-flag.org

Eg skal veldig snart på jobbtur til Australia. Har aldri vore der før og gler meg sjølvsagt. Fyrst nokre dagar til Brisbane og så til Sydney. Blir ikkje mykje fritid er eg redd. Men litt turisttid skal eg klare å klemme inn.

Eg skal blant anna sitte tjuefire timar på fly, kvar veg. Kva skal eg finne på? Lesetips?

Eg får ein dag og to kveldar til å henge rundt i Brisbane. Kor reiser eg?

Eg får to halve dagar og ein ettermiddag i Sydney. Kva skal eg gjere der?

Andre gode Australia tips?

Kommenter innlegget

Filed under gode råd, reise

Pappaperm dag 28

I morgon tek eg med meg sønene på flytur til vestlandet. Det smartaste hadde vore å pakke barna i koffertar…

Og minsten synst óg det var ein god ide. Han likte seg godt der inne. Trur eg. Men kan hende Widerøe vil reagere på dette konseptet.

Av og til oppstår laaaange magiske øyblikk.

I dag vart minsten ståande her og ta av og på eit lokk i minst 23min. Han sa ikkje eit ord, berre av-og-på. Eg fekk lese opp til fleire kapittel i boka mi.

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm