Tag Archives: ferie

Andre feriedag

Andre feriedag er alltid meir slitsam enn fyrste feriedag.

Eg jobbar med å få i meg nok kaffi. Så fort kroppen merkar mindre mengdar kaffi byrjar den å sakne jobben. Eg sjekkar eposten på jobben for å lure kroppen og kompansere litt for manglande kaffi. Det hjelper ikkje.

Ute ser eg på plenen som burde ha vore klippa førre veke. Eg kan ikkje klippe plenen når det regnar. Eg lar vere.

Advertisements

2 kommentarar

Filed under ferie

Fyrste feriedag

Eg likar ferie. Eg ser fram til ferie. Eg gler meg til ferie. Eg trur eg treng ferie.

Så kjem ferien akkurat når eg treng ferie som mest.

Og så er eg i gang med ferie. Fyrste feriedag er eg i villrede.

Den eine sonen meinar vi må spele fotball resten av ferien. Eg ber han ta ut smokken, for alltid.

Seinare skal eg få orden på få ferielivet. Mens eg går i villrede regnar det på meg. Det var sikkert akkurat det eg trengte no.

Kommenter innlegget

Filed under bilde, ferie

Kva gjer eg…

image

image

…rett etter at eg har skrudd av datamaskina, låst kontordøra og teke juleferie? Kva gjer eg før ein 11 veke lang periode utan vanleg jobb? Kva gjer eg før eg byrjar på pappapermisjon?

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Ting ein ikkje treng å gjere i juli:

  • CC fra Flickr av johnivara

    vere inne: Det mest sjølvsagte, for mest mogleg ute er nok det beste.

  • ete for mange grilla pølser: Min erfaring er at ein kan godt grille mykje anna mat. Resultatet er at kroppen blir meir nøgd med anna mat enn pølser. Altså!
  • bade i kaldt vatn: For ein kan til dømes bade i varmare vatn. Ein treng ikkje bade i ein fjord med 50 prosent brevatn. Eg veit at det finst varmare vatn i juli ein kan bade i utan at kroppen treng det ekstra fettet for å forsvare seg.
  • skrive på Facebook kva ein held på med heile tida: Det er betre å kvitre, om ikkje anna.
  • jobbe: men ofte må ein jobbe likevel, for ein kan ikkje ha fri heile tida. Tenk om alle skulle ha fri i juli…?? Vent, det kan verke som om alle faktisk har fri i juli, bortsett frå meg. Filleren!
  • prøve sommarbuksa som ein kjøpte for fire år sidan og som endå ikkje passar akkurat slik den skal: Planen var at den skulle vere laus og ledig. Den er nok litt stram, i år også.
  • blogge om tull og ingenting:

Kommenter innlegget

Filed under meiningar

Budapest i bilder

Med jobben på jobb/ferie i Budapest

Hal and TinaGangeErik og TinaLegger ut fleire bilete om eg skulle vere heldig med mobilkamera mitt.

Kommenter innlegget

Filed under bilde

Jobb og ferie

Jobb og ferie

Kommenter innlegget

Filed under bilde