Tag Archives: digitalt innhald

Skeptiske skinnvestar

Bente Kalsnes oppfordra meg til å blogge om skinnvestar. Det er sjølvsagt ei oppfordring eg tek på strak arm.

skinnvest

Eg har dei siste vekene vore på ein liten turne i Møre og Romsdal for å tilby lærarane i den vidaregåande skulen webverktøy fram mot stortingsvalet i år.

Gjennom prosjektet eDemokrati 0.9 har UNGweb.no fått 500.000.- frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet til å utvikle webverktøy på UNGweb.no-plattformen som kan vere med å engasjere og auke valoppslutninga blant dei yngste veljarane.

Eg meinar tilbodet til lærarane er godt:

  • Dei som vil kan vere med, altså ikkje noko form for tvang.
  • Vi tar på oss å utvikle/sette saman webverktøy som lærarane kan bruke i skulen fram mot stortingsvalet. 
  • Vi tilbyr opplæring i bruken av webverktøy
  • Vi tilbyr og garanterar dialog med aktuelle politikarar gjennom webverktøya
  • Webverktøya kan brukast både lokalt og på fylkesnivå

Nokre av døma eg har vist fram på turneen er:

I fagplanane i den vidaregåande skulen står det mykje om at elevane skal lære seg å skrive, argumentere, lære om IKT, demokrati og samfunn. Dette er noko lærarane må jobbe med og vi kjem ikkje inn med noko ekstra arbeid. Likevel, og utan unntak har det vore mykje skepsis rundt dette prosjektet blant lærarane. Og utan unntak kjem det meste av skepsisen frå lærarar i skinnvest.

Ein norsklærar reiste seg etter presentasjonen og sa at på vegne av alle «vi vil ikkje vere med på denne teknologikarusellen«. Andre skinnvestar klaga over for dårlig tid, over internetten som er fylt opp med trøbbel, om at det allereie finst debattar der ute og at elevane skal gjennom pensum.

vest2

Heldigvis finst det også nokre unge og lovande lærarar der ute som vil vere med. Men kva er det med lærarar i skinnvestar og frykten for teknologien?? Alltid bra med litt sunn skepsis, men det må vere med måte, vel….

 

Mange bra kommentarar frå Twitter også:

  • m_strandengen @JazzyHal – IT-ansvarlige i offentlig virksomhet gjør ofte endringsarbeid i motbakke
  • ksevik @JazzyHal hjelpe meg – vi har et stykke arbeid foran oss… teknologikarusell? kom deg på!
  • teknobloggen @JazzyHal haha, jeg vedder på han trodde det var et argument. Fantastisk
  • astronewth @JazzyHal Ja, vokt deg for skinnvestene. Roten til mye bakstreversk skjuler seg bak det elegante plagget.
  • ksevik @JazzyHal la oss høre om skinnvestene!! 🙂
  • eide @JazzyHal du har tydlegvis funne deg ei utømmelig kjelde med skinnvestar!
  • benteka @JazzyHal Når du har tid, skriv en bloggpost om skinnvestene:-) Jeg kan love deg, få skinnvester i Brussel. Men mye dresskledd webangst.

 

bilda er henta frå Flickr og teke av Kyle Kesselring og unclejerry og har ein Creative Commons-lisens.

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under jobb, meiningar

Monty Python har skjønt greia

Monty Python etablerar no ein eigen kanal på YouTube der dei lastar opp alt av godsakene sine i bra kvalitet. På denne måten vinkar dei frekt tilbake til alle dei som har lasta opp ting (ulovelig) og tar sikte på å tene litt pengar ved at folk tar turen innom ein nettbutikk for å kjøpe eit eller hitt.

Dette er sjølvsagt den beste og greiast løysinga på digitalt innhald på nett. Gjer det tilgjengeleg i god kvalitet frå dei som står bak innhaldet. Folk vil strøyme til og alle klappar i hendene. NRK har byrja skjønne dette, The New York Times, MTV og mange fleire ser no lyset i digitaltunnelen

Kommenter innlegget

Filed under video