Tag Archives: by:larm

By:larm – Håkon Kornstad

by Fin Serck-Hanssen

by Fin Serck-Hanssen

Folkets Hus Auditoriet fredag 20. februar 2009

Håkon Kornstad er ein bra mann. Og han er spesielt bra på saksofonar. Minst tre saksofonar på denne fantastiske konserten. Og så var han heilt åleine med dei tre saksofonane og litt morosamt utstyr som sampla og loopa og sakka og forta.

Kornstad er svært dyktig på instrumentet sitt. Ein av dei dyktigaste eg har sett og høyrt. I tillegg har han ein groove som sit lett i foten sjølv om han spelar mykje anna rart utan rytme.

Sjølv om han var åleine på scena sto han for grooven og akkordane sjølv. Det var ikkje frijazz, det var ikkje soul, det var ikkje blues, det var ikkje jazz og det var ikkje pop – men det var litt av alt, i ein salig blandig.

Om Håkon Kornstad skal spele på eit lokale i nærleiken av deg bør ta på deg støvlane og komme deg på konsert.

Flink fyr

Kommenter innlegget

Filed under lenker, musikk

By:larm – Children and corpse playing in the streets

corpseMono 19. februar 2009

Children and corpse playing in the streets har fyrst og fremst eit bra rart namn. Namnet kjem av oversetting frå norsk til english:

“So, what happens in Norway on the 17th of may?”…

» Oh, it´s so very nice! It´s children and corpse playing in the streets!»

I følgje skrifta på veggen står to jenter bak gruppa, men dei har alltid med seg fleire. På torsdag hadde dei med seg tre andre.

Chrildren and corpse playing in the street spelar karamell-pop. Altså fin musikk eg nesten ikkje kan definere noko nærare. Rare og gode tekstar, fin sang, gitar, lydar, Casio-trommer, bassing og litt til. Plate vil eg kjøpe om den kjem ganske snart.

Éin kommentar

Filed under lenker, meiningar, musikk

By:larm – My little pony

poniMono 19. februar 2009

Min andre by:larm-konsert på torsdag var My little pony. By:larm definerar oslobandet som indiepop. Eg definerar det berre som pop. Men det var lett å høyre at Belle & Sebastian, Paul Simon (og sjølvsagt Simon and Garfunkel) og litt Beatles hadde inspirert opptil fleire i truppen. Truppen hadde ei litt statisk bassjente med stødige beat, ei forsiktig korjente med fine orgeltricks, ein flinkis frontfigur med perfekt kassegitarlyd, ein gitarist som har øvd inn mange licks og ein trommis som gjorde jobben.

My little pony har gjort det bra i Spania og burde gjere det endå litt betre her i landet framover. Konseptet lett-å-like-radio-musikk saman med trivleig-student-band og ein dæsj fine-folk-med-eigen-stil gjer denne gruppa likanes.

Kommenter innlegget

Filed under lenker, meiningar, musikk

By:larm – Tyyl!

Mono 19. februar 2009

tyyl2Min by:larm byrja med Tyyl! på Mono. Tyyl! kjem frå Fardal i Sogn og spelar melodiøs og rytmisk gitarrock. Akkurat slik ein kan like det på Mono ein torsdags kveld. Det digge med Tyyl! er at dei syng på klingande saognamaol noko som hjerta til ein odelsgut frå indre Sogn kan sette mykje pris på.

Sjølv om eg sto litt dårlig plassert (for det var jaggu meg ganske fult framfor scenen på Mono) og at korpartia var litt falske til tider og at basslyden berre var passe, likte eg godt det eg høyrde. Rock er moro. Saognarock er endå litt betre.

Kommenter innlegget

Filed under lenker, meiningar, musikk