Tag Archives: buss

Pappaperm dag 38

I dag skulle minsten teste barnehagen heilt åleine, lenge. Eg hadde gløymt å planlegge for ein slik dag og vart med eit sittande åleine i huset med ingen planar. Eg har i utgangspunktet ikkje noko imot tid for meg sjølv. Fint at det er stille. Men det går ei grense ein plass.

Grensa gjekk etter den fjerde kanna med kaffi.

Junior er i ferd med å løyse lesemysteriet. Her om dagen sat vi på bussen.

– Pappa, kvifor stå det AMEN på bussen? Er det i tilfelle vi skulle kræsje og dø og må komme oss til himmelen fort?

– Ja, det kan godt hende, svarte eg. Det er fint å komme oss fort til himmels om det skulle skje noko uventa. Men det hadde vore fint om du prøvde å lese dei tre bokstavane ein gong til slik at vi ikkje treng å tenkje på himmelene på ei stund.

– MAN, las han før han fortsatte: – Synd, hadde vore like greit om jentene kunne køyre buss også.

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Tog vs. Buss

Etter å ha lese Aslak Bonde i Morgenbladet og Georg Arnestad i Sogn avis har eg pådrege meg tankar og meiningar om bussen. Dette har berre auka på etter å ha nytta meg av buss til og frå Sogn to gonger denne sommarferien.

Tog er «inn»

CC: From Flickr by Jeff McCrory

CC: From Flickr by Jeff McCrory

Tog er «inn» under valkampen i år. Hurtigtog er det alle vil satse på. Dei som er skeptiske til hurtigtog er ganske teite, dei som er for eit sånt tog tenkjer på jorda vår. Hurtigtog skal liksom redde miljøet i Noreg og pådra oss god samvit for karbonutsleppa våre.

Hurtigtoget skal helst gå mellom Oslo og Trondheim/Bergen. Toget må helst ikkje ha for mange stopp undervegs, då mistar ein den høge farten. Det betyr at det ikkje er mange plassar mellom storbyane som får nytte seg av dette fantastiske framkomstmiddelet. Det blir mest eit framkomstmiddel for byfolket.

Buss burde vere meir «inn»

Men det har vist skjedd mykje innanfor bussteknologien dei siste åra. Bussane er større, betre å sitte på og det er god plass til kroppar på 190cm. Bussane har tilbod om trådlaust internett, pulverkaffi og lokale aviser. Rutebussane i Noreg transporterar om lag 340 millionar passasjerar. NSB har om lag 50 millionar passasjerar. Litt fleir enn i 1946.

«Om vi let tredjeparten av dei store togsubsidiane gå til ekspressbussar, kan det gå 1.759 høgstandarbussar med 24 avgangar i døgnet i kvar retning innom alle kommunar i landet. Billettpris: kr 0.-«

Dette ifølgje Idar Mo, ein bussentusiast.

Så,

CC: from Flickr by thebigmg

CC: from Flickr by thebigmg

kva skal ein satse på i dette lange landet? Kva skal vi bruke pengane våre på? Det er klart desse kjappe toga kan redusere flytrafikken mellom byane. Men kva med alle dei andre folka som vil flytte på seg?

Kommenter innlegget

Filed under meiningar