Tag Archives: bursdag

Pappaperm dag 34

Fyrste bursdag.

Minsten runda eit år i ettermiddag.

På tide med ein liten gjennomgang av status så langt.

Han både et, drikk og bæsjar. Ja, og så veks han. Han veks fortare enn ein skulle tru.

Han kan seie:

  • Mat
  • Bæsj
  • Takk

Og det oppsummerar det viktigaste her i livet, vil eg tru.

Han kan:

  • Klatre
  • Klappe
  • Synge
  • Danse
  • og peike på det han vil ha.

Og det må ein vel kunne seie er ein god start.

Og han er ein ganske morosam fyr.

Vi diggar han.

Advertisements

Éin kommentar

Filed under pappaperm

Pappaperm dag 22


I dag vart storeguten heile seks år.

Vi møtte han og barnehagen hans ute i skogen med bål og mat (blant anna pizzasnurrar).

Det heile var svært så kjekt og etterpå kunne storeguten velje restaurant.

Begge søner søv og far er fullstendig skutt.

 

 

 

Oppdatert:

Og no har foreldremanualen barnebursdag som tema, og eg er med på leiken

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Pappaperm dag 20

Vi byrja dagen ganske rolig med ein god krim og litt drikke.

Og så sovna minsten i vogna ute…

…og eg tenkte eg skulle gjere noko fornuftig den neste timen. Neste veke er det bursdag for den eldste guten og rykte vil ha det til at pizzasnurrar er populært hos dei unge for tida. Eg bretta opp kleda og byrja på prosjektet.

Mens deigen heva ganske så fort steikte eg opp pizzasnurrfyll.

Og så smurte eg fyllet utover pizzasnuttbotnen. Og så var tida inne for å rulle det heile saman til ei pølse.

Det gjekk ikkje så bra. Prosjektet var i ferd med å havarere. Pizzasnurrfyllet taut utover alle plassar. Eg viste ikkje mi arme råd.

Men eg gav ikkje opp. Eg fekk lempa over snurrane og steikt dei.

Og over her ser du resultatet. Ein mellomting mellom pizzabolle og pizzasnurr. No må eg berre lage 30 til.

God helg så lenge

3 kommentarar

Filed under pappaperm

Pappaperm dag 11

Sjå kor stor eg er blitt!

Derfor feira sønene mine og eg med pannekaker til frukost.

Og så måtte den yngste sonen teste barnehagen til den eldste sonen

Og så besøkte vi Grønland

Der hadde det komme nye nettsider på student.no

Og så henta den yngste storebroren sin på «scotteren».

Og heime hadde kjærasten laga bursdagspai

2 kommentarar

Filed under pappaperm

Deilig dag ute i sola

Barnebursdag ute i vintersola.

Kommenter innlegget

Filed under privat