Tag Archives: bæsj

Korleis gjere ting litt lettare

Det er lettare å bæsje på do når ein kan holde traktoren i den eine handa og ein legokloss i den andre.

Det er lettare å ete opp maten når ein får beskjed om at det ikkje er lov å ete mat på dagar som har bokstaven «d» i seg.

Det er lettare å pusse tennene med solbriller på.

Bilde

Det er lettare å kle på seg sjølv når det er ein overhengane trussel om at naboen snart kjem for å sette fyr på alle kleda som ligg strødd rundt.

Det er lettare å drikke tran når ein trur det er tigerpiss.

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Pappaperm dag 24

I dag måtte minsten og eg handle ny støvsugar. Den gamle sugaren var lei og sur. Vi hadde ein mistanke om at det kom like mykje støv ut som han klarte å suge inn. Det er viktig med ein god støvsugar, trur eg.

Vi fant fram til den største støvsugarbutikken i byen og der var det mangen tusen hyllemeter med støvsugarar. Nesten litt rart at det kan vere så mangen typar støvsugarar.

Det var faktisk så mange støvsugarar der at vi trengte litt hjelp frå ein ivrig liten fyr rundt 19 år med ein usedvanlig serviceinnstilt svensk dialekt. Han prata som ein foss og byrja med dei dyraste støvsugarane som var merka med kor mange desibel dei bråka. Ei stund vurderte minsten å sparke han i rumpa.

– Sug den opp alle smulane, spurte eg når han endeleg kom fram til ein hyggelig priskagtegori.

– Ja, det är klart, men den här bort suga bättre, svarte den unge svensken.

– Men kan den suge opp bæsj, spurte eg.

– AEH, nej, går det inte. Dammsugare inte kan suga bajs, vet du, svarte den unge mannen som sikkert ikkje har støvsuga noko anna enn under puta si.

– Eg tek den andre, eg, sa eg.

Vi satte fort saman den nye støvsugaren når vi kom heim. Og så støvsuga vi heile huset. Den var ganske god til å suge opp støv. Den var ikkje sur heller. Minsten var nøgd. Eg og var nøgd.

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Pappaperm dag 23

Mykje snakk om mammabloggar som heng ut dei stakkars vesle barna sine slik at dei kan bli mobba når dei blir eldre og vennene deira kan lese.

Vel…

Sjølv er eg usikker på om eg burde føle meg truffe av kritikken. For å vere på den sikre sida har eg valgt å henge ut minsten på det grovaste i dag.

HAHA – sjekk det store og runde hovudet!!!!!!

Magne D. Antonsen i VG meta utfordrar oss med barn å skrive om fornuftige og dagsaktuelle ting.

Her er mitt bidrag – Litt mattematikk frå kvardagen

x = vekta på minsten i kg

y = vekta på bæsjen som kjem ut av minsten, også i kg

t = tid

Om du set t = 24timar får  du stort sett alltid:

t = y > x

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Pappaperm dag 19

Nokre ting roar minsten betre enn andre ting.

Vaskemaskina kan han stå og studere ganske så lenge.

Støvsugaren er også ein suksess. Enten støvsugar eg, eller så leikar han med utstyret. No har han også sin eigen støvsugar slik at ha kan øve seg til han blir to. Eg trur det er rundt to-års alderen dei byrjar støvsuge huset sjølv.

Når vi køyrer t-bana må eg alltid synge om Olle Bolle. Alltid litt kleint når andre på bana skvett av brølet til Trollefar. Men minsten diggar det og slappar av heilt til vi kjem fram.

Og når fyrst minsten stiller seg opp for å sjå ut av vindauga kan han bli ståande lenge.

Men eg må stoppe han når han byrjar rope BÆSJ ned til forbipasserande.

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Pappaperm dag 16

– Kan du seie BØ?, spør eg. BØ, svarar minsten

– Kan du seie MAT?, MAAAAT, svarar minsten

– Kan du seie PAPPA?, BÆSJ, svarar minsten

Eg gav han to sjansar til.

Og så havna han i kassa.

Og så bæsja han for å straffe meg attende. Og så havna vi i vaskekjellaren.

Og det var minsten sjølv som foreslo at vi kunne vaske han i maskina, men som den gode far eg er satte eg ned foten.

På vår tur gjennom internetten i dag har vi merka oss at enkelte mammabloggar herjar med sjuke fedre. At vi liksom er så stakkarslege. Dette reagerar minsten og underteikna på.

Kraftig.

Og vi minnast med gru attende til dag 7 og dag 8.

3 kommentarar

Filed under pappaperm