Tag Archives: Australia

Kenguru

Eg lovar deg, kenguru blir den nye greia. Kanskje iPad2 er greia no 2011, men kenguruen blir det store i 2012. Rett før verda går til grunne tar dei steget opp til fyrsteplassen som hundane har hatt så veldig lenge og dei blir der fram til noko anna skjer.

Kenguru bidreg med stor underhaldning. Med 100 kenguruar hoppande rundt i Oslo ville vi fått slutt på forsøpling, nasking, rusmisbruk og hikking. India burde også vurdere å bytte ut kyra sin med kenguruar. Dei tek ikkje så mykje plass og så er det lettare på foten.

Australiaturen mintek snart slutt. Framfor meg ventar litt for mangen timar med fly, flymat, filmar på små skjermar, flyvertinner som vekker meg kvar gong det ristar litt i flyet med beskjed om at eg må ta på meg setebeltet sjølv om eg allereie har det på meg. Men eg skal ikkje klage.

Eg skal jo faktisk FLY gjennom lufta frå den eine sida av jorda til den andre på rekordtid. Før brukte folk to generasjonar på å komme frå Australia til Europa. Eg skal fly gjennom lufta mens eg et og drikk på same tid. Tenkje seg til.

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under reise

Banan eller kjøt?

CC frå Flickr av Fernando Stankuns

Her, på den andre sida av globen, er valet enkelt. Det blir kjøt til alle mellommåltid. No kostar bananer i Australia heile 115kr/kg. Kjøt, på den andre sida, er ganske så mykje billigare. Det er derfor du ser idretsfolk ete pølser etter at dei, til dømes, har sprunge langt.

 

Flyselskapet Quantas går for ein sunn profil og serverar mykje frukt på flyturane sine. På turen frå Singapore til Brisbane tok det ekstra av når australiarane oppdaga at dei ville få bananer på turen. Det var slutt på bananene ved rad 12, allereie.

Kommenter innlegget

Filed under reise

Kva skjer i Australia?

australian-flag.org

Eg skal veldig snart på jobbtur til Australia. Har aldri vore der før og gler meg sjølvsagt. Fyrst nokre dagar til Brisbane og så til Sydney. Blir ikkje mykje fritid er eg redd. Men litt turisttid skal eg klare å klemme inn.

Eg skal blant anna sitte tjuefire timar på fly, kvar veg. Kva skal eg finne på? Lesetips?

Eg får ein dag og to kveldar til å henge rundt i Brisbane. Kor reiser eg?

Eg får to halve dagar og ein ettermiddag i Sydney. Kva skal eg gjere der?

Andre gode Australia tips?

Kommenter innlegget

Filed under gode råd, reise