Tag Archives: åpen barnehage

Pappaperm dag 27

Når ein har to barn og skal rekke ting kan det fort bli mas. Mitt beste triks er å gjere det meste om til konkurranse. Det er viktig at det er premie til vinnaren, men ikkje så viktig kva som er premien.

Korleis bli ferdig med den evigvarande frukosten?

«Fyrstemann som et opp skjeva si får lov til å drikke opp mjølka si. Sistemann er ein frosk.»

 

Korleis få på kleda i fornuftig tempo?

«Fyrstemann som kler på seg får middagen servert fyrst i ettermiddag. Sistemann er eit dådyr.»

«Fyrstemann som blir ferdig med tannpussen OG har dei finaste tennene (her er det viktig med ein kvalitetsindikator) får lov til å ta på dressen sjølv.»

Konkurransetrikset funkar ALLTID.

 

Det beste med å ha junior i friluftsbarnehage er at minsten og eg får ein god og frisk start på dagen.

Og slik fekk vi tid til å teste ut ein ny åpen barnehage i dag. Denne gongen lot eg vere å skape kaos slik eg gjorde førre gong vi testa ut åpen barnehage.

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Pappaperm dag 13

Ny dag i åpen barnehage i dag. Vi introduserte konseptet til Herr J og vesle T. Her forklarar minsten konseptet rulle.

Men, så vart det handgemeng. Ein liten rakkar angreip minsten når han minst venta det. Blod og tårer hagla og minsten gløymde heilt å ta att.

Etter at minsten hadde fått turka tårer og blod og etterkvart samla seg, tok han opp angrepet med far til den vesle rakkaren. Minsten trua med søksmål mens eg holdt meg taus i bakgrunnen.

Til slutt sovna minsten og vesle T utanfor ein fin café…

…og det passa Herr J og meg fin-fint slik at vi kunne drikke latte og diskutere blogging.

Éin kommentar

Filed under pappaperm