Fredag i pappapermisjon

Det er fredag. Klokka er fire på ettermiddagen. Utanfor barnehagen er to av tre barn trygt plassert i bilen. Neste stopp er skulen for å hente heim den eldste før vi tar helg.

Eg set meg inn i bilen, vrir om nøkkelen og det er stilt. Ikkje ein gnist. Ikkje ein lyd. Batteriet var rett og slett tomt.

Fire svært stygge ord farer ut av  munnen min. Rett bak meg blir alle fire orda gjentatt umiddelbart.

Ein desperasjon stiger opp i meg.

– No vil eg heime, pappa. Kan vi ikkje køyre no? Spør eit barn i baksete.

– Nei, bilen funkar ikkje.

– Jo, bilen fungerar. No må du køyre pappa, fortsetter ungen.

– Nei, bilen fungerar ikkje og no må vi utsette heile helga, svarar eg.

 

 

 

 

 

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Trettende dag i pappapermisjon

Dagens hending er allereie delt på Facebook. Eg kunne ikkje vente. Det var for rart.

Men altså,

Sjur og eg tok t-bana i dag tidelig. Bana var ikkje stappa, berre passe tett. Sjur prata i veg mens vi rista oss ned mot byen. Ei dame på min eigen alder sto like ved og likte det Sjur sa til ho. Ho smilte, sa hei og vinka til Sjur. Ikkje heilt uvanleg.

Men så oppdaga eg plutselig at ho var godt i gang med å smørje Sjur med litt krem. Ansiktet hans, altså….. det var jo litt rart…. og eg måpte. Eg måpte faktisk ganske mykje. Og lenge. Og rundt meg måpte andre. Og så gjekk ho av og eg måtte bruke nokre stopp på å tørke av meg måpen.

Bilde

Etter at vi kom heim prøvde vi å gjenskape situasjonen.

På t-bana i dag valgte ei ukjent dame å smørje Sjur med litt krem, mens han sat i vogna. Hyggelig det altså, men kanskje spørje om lov fyrst…

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Tolvte dag i pappapermisjon

På den tolvte dagen testa vi kjøpesenter.

Bilde

Kjøpesenter er kjedeleg, for oss begge. Vi ruslar litt rundt over alt, men fant aldri roen. Det er viktig med ro når ein er i pappapermisjon. Vi kan derfor ikkje bruke tid på kjøpesenter sidan kjøpesenter mangla ro.

 

 

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Ellevte dag i pappapermisjon

Du veit at du har tre gutar….

Bilde…når du kan stå og sjå på ein heisekran i over ein halvtime på veg heim frå skule og barnehage sjølv om alle fire har uttalt at dei er svoltne og slitne og helst berre vil heim og slappe av.

Éin kommentar

Filed under pappaperm

Kvinnedagen i pappapermisjon

I høve kvinnedagen valgt vi å sove lenge, drikke fleire koppar kaffi mens vi las avisa, gå ein lang tur i sola og elles slappe godt av.

Bilde

Mens sambuar og mor var på jobb.

Gratulerer med dagen kvinner. Godt jobba!

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Niande dag i pappapermisjon

I pappapermisjon kan eg vere oppe så lenge eg vil. Eg skal jo ikke rekke noko dagen etterpå.

I pappapermisjon kan eg sjå heile House of Cards i løpet av eit par kveldar.

  • Uansvarlig? trur ikkje det.
  • Nyttig? berre passe.
  • Underhaldane? ja, absolutt
  • Sliten? ikkje no, kanskje i morgon
  • Anbefalar eg andre å sjå serien? ja, sjølvsagt
  • kva no? eg skal sove

Bilete

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Nok ein dag i pappapermisjon

Når ein er åleine med ungar i mange dagar i strekk gjer ein ofte ukritiske valg.

Kostholdet har fungert tilfredsstillande for dei minste. Spør du barna vil dei ikkje kunne påpeike at matkulturen har endra seg noko særleg berre fordi eg har hatt eineansvar.

Men for meg sjølv har fleire dagar åleine ført til dårlige matvalg.

Når den siste ungen har sovna og ein ikkje har tradisjonelle godteriar tilgjengeleg må ein finne på andre ting for å slokke suget etter kaloriar.

Når kjære mor kjem heim i morgon er vi heilt tomme for:

  • kavring
  • youghurt
  • brunt sukker
  • lomper
  • kvitt sukker
  • brunost
  • sukat
  • karve
  • salte kjeks

2 kommentarar

Filed under pappaperm

Sjuande dag i pappapermisjon

Så langt har permisjonstida vore prega av eit langsamt tempo. Vi viste alle at det ikkje kunne fortsette slik.

I dag satte eg minsten frå meg og lot andre ta ansvar. Det var på tide å svette litt.

Det er ganske lett å svette ein del når ein normalt ikkje svettar så mykje.

Bilete

Det viste seg at minsten satte stor pris på at eg svetta. Sjølv vart han kjent med både nye leiker, andre barn og i overkant sportslege barnepassarar.

Bilete

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Den gløymte dagen i pappapermisjon

Dagen i går gjekk så fort at eg heilt gløymte kva eg hadde satt i gang. Egentleg gjekk dagen så sakte det var mulig å gå. Eg hadde meir enn nok tid, til det meste.

Kommenter innlegget

Filed under pappaperm

Femte dag i pappapermisjon

I dag har vi vore ute blant folk. Ute blant folk skjer det ofte rare ting.

Eg stussar ofte over folk. Folk kan finne på dei merkelegaste ting.

Det har seg sånn, at:

Det er kjekt at folk blir glade og smiler når dei ser sonen (og meg). Folk får lov til å komme bort, bøyge seg ned og seie hei til sonen i vogna. Det er også lov til å spørje kor gammal han er og kva han heiter. Det er greit at folk spør om kvifor han fekk akkurat det namnet. Det er kjekt at folk seier han er fin og at han liknar på meg.

Det er IKKJE greit å stikke fingrane i munnen hans. Det er heller ikkje greit å klype han i nasen eller prøve å løfte han ut av vogna utan å spørje fyrst. Det er heller ikkje stas å riste i vogna for å få han til å sovne når han nettopp har vakna. Folk treng heller ikkje synge rare sangar til han sånn utan vidare, det klarar eg sjølv. Det er teit å spørje fem gonger om namnet når ein fekk det med seg fyrste gongen. Det er uakseptabelt å le høgt av namnet hans (det plagar sikker ikkje sonen, men eg misslikar det). Det er rart å seie at han liknar på mora når ein ikkje veit korleis mora ser ut. Og eg likar ikkje å bli fortalt korleis eg burde kle på ungen (eg har to andre ungar og begge lever. Ingen fraus i hjel).

Takk til folk

2 kommentarar

Filed under pappaperm