Category Archives: Uncategorized

Barnehageplass

Det er mykje spennande med våren. Kjem snøen til å smelte? får vi oppleve varme på nytt? blir plenen grøn i år også? passar kortbuksene?

Noko av det mest spennande er spørsmålet om barnehageplass. Får vi barnehageplass? kor får vi barnehageplass? eller må vi berre levere minsten tilbake der han kom frå?

I går fekk vi barnehageplass og minsten og broren til minsten smilte breit frå det eine øyra til det andre.

Våren er kommen, sommaren er planlagt og hausten er redda. Kan ikkje bli mykje betre!

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Aurlandsdalen

La meg komme med eit turforslag: Aurlandsdalen.

Mangen har teke turen før meg, mangen har anbefalt turen før meg og mangen kjem til å ta turen til tross for meg. Men eg ønskjer likevel å oppmode Dykk alle til å ta turen. Dette er eit stykke perfekt tur.

Vi køyrde til Vassbygdi 10 min frå Aurland og parkerte bilen der. Ein buss plukka oss opp og tok oss med opp ein bratt fjellvegg, inn og ut av tunnelar og til slutt kasta han oss av på Østerbø fjellstove. Det skal ikkje meir til enn litt mat, litt godt øl og litt søvn og så er du klar til tidenes flottaste spasertur ned gjennom Aurlandsdalen. Dei om lag fem timane føltes som ein time og kroppen ville berre ha meir.

Ikkje noko poeng å freiste med ord for å forklare oppleveinga. Må sjå, kjenne, lukte og høyre sjølv.

 

Meir:

Kommenter innlegget

Filed under dele, Uncategorized

Gammal mobiltelefon

Kom over eit gammalt flak i jula.

Dette er min fyrste mobiltelefon. Trur eg kjøpte den for 14 år sidan.

Min fyrste mobil

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Dagens sitat

Heime i Sogn forklarar far korleis alt heng saman med å sitere Blaise Pascal:Blaise Pascal

«All men’s miseries derive from not being able to sit in a quiet room alone«

og far har jo sjølvsagt rett, som alltid.

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Kermit the …..

Get Fuzzy

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized