Category Archives: meiningar

kan hende

Det kan hende det snart er på tide at eg byttar ut måsen på framsida av bloggen med eit anna dyr. Eg tok bilete av måsen sjølv ein gong for lenge sida. Eg kom veldig nær måsen. Har aldri vore så nær ein måse før.

Det kan hende det snart er på tide at eg nyttar meg meir av sola som har byrja lyse meir om dagen. Eg merkar meg lyset på veg til barnehagen og eg merkar meg lyset på veg attende til barnehagen.

Det kan hende det snart er på tide at eg får fiksa saksofonen min. Saksofonen lekker som ein sil og høyres ut som ein punktert elefant. Men eg kan få nokon til å tette hornet slik at eg kan spele litt til.

Det kan hende det snart er på tide at snøen reiser heim der han kom frå og lar oss andre vere i fred. Snøen har gjort nok ugagn for denne gong. No kan han trekke seg rolig attende og slappe av med familien sin.

Det kan hende dette ikkje er rette måten å skrive på. Og det kan hende eg burde brukt kvelden på noko heilt anna. Men eg kunne ikkje la vere å prøve. Om ikkje anna.

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under meiningar

Ein ide, kanskje ein god ide

Fekk ein god ide i dag etter eit vellykka restaurantbesøk. Kan hende ideen min er både tenkt og (forsøkt) realisert, men eg har ikkje gidda å sjekke dette. For om eg hadde funne ut at nokon andre hadde tenkt dette før meg hadde eg jo ikkje noko å skrive heim om.

Så, ideen min går som følgjer:

Prising basert på vektauke på serveringsstad. Som gjest blir ein altså veid på veg inn i restauranten og på veg ut. Differansen, altså vektauka, blir multiplisert med ein kilopris og dette er det du må betale for maten du åt!

CC fra Flickr av aslakr

Johan A.  påpeikte heilt korrekt at doane ville måtte  trenge eigne vektstasjonar for å kunne registrere plutselig vekttap under besøket.

For dei med eit vanskeligare forhold til eiga vekt kunne ein sjølvsagt halde sjølve utgangsvekta hemmeleg og berre opplyse om differansen.

Ein sånn restaurant kunne vidare vurdere rabattordningar for faste kundar som til dømes hadde mål om vektreduksjon og som nådde måla sine. Her ser eg det fort dukke opp ein del paradoks, men det kan vi ta seinare.

Det vanskeligaste i dette konseptet er sjølvsagt prisinga. Ein pris per kilo betyr ein pris for alle typar mat. Ein eller annan form for gjennomsnitt høyres for meg ut som ein plan, men her reknar eg med bransjen sjølve kan stille opp med fagfolk.

Ville du ha ete og betalt for maten på  ein sånn type restaurant?

Kommenter innlegget

Filed under dele, meiningar

Ting ein ikkje treng å gjere i juli:

  • CC fra Flickr av johnivara

    vere inne: Det mest sjølvsagte, for mest mogleg ute er nok det beste.

  • ete for mange grilla pølser: Min erfaring er at ein kan godt grille mykje anna mat. Resultatet er at kroppen blir meir nøgd med anna mat enn pølser. Altså!
  • bade i kaldt vatn: For ein kan til dømes bade i varmare vatn. Ein treng ikkje bade i ein fjord med 50 prosent brevatn. Eg veit at det finst varmare vatn i juli ein kan bade i utan at kroppen treng det ekstra fettet for å forsvare seg.
  • skrive på Facebook kva ein held på med heile tida: Det er betre å kvitre, om ikkje anna.
  • jobbe: men ofte må ein jobbe likevel, for ein kan ikkje ha fri heile tida. Tenk om alle skulle ha fri i juli…?? Vent, det kan verke som om alle faktisk har fri i juli, bortsett frå meg. Filleren!
  • prøve sommarbuksa som ein kjøpte for fire år sidan og som endå ikkje passar akkurat slik den skal: Planen var at den skulle vere laus og ledig. Den er nok litt stram, i år også.
  • blogge om tull og ingenting:

Kommenter innlegget

Filed under meiningar

alkohol på Ikea

Eg visste kva eg gjekk til. Eg visste kva eg hadde i vente. Men eg berre måtte. Eg måtte fikse ein del ugjorte ting.

Laurdag måtte eg på Ikea midt på dagen. Sidan dei faktisk ikkje har alt på Ikea (!) måtte eg vidare på Alna-senteret etterpå. Det også ganske midt på dagen. Grusomt. Alle dei andre er der også. Men hovudproblemet er ikkje mengden folk. Problemet er det dårlige humøret folk tar med seg på butikken. Folk tutar, veivar og hyttar med nevane, snakkar rart (eller stygt) til kona si, eller nedverdigar mannen med usømmelege kommentarar.

– Denne kunne passa inne på kontoret, kjære, høyrer eg ein mann seie til ei dame mens han peikar på eit beskjedent møbel som kan vere med å sortere livet hans.

– Den er jo heilt grusom, den kan du ikkje kjøpe og dra med deg inn i mitt hus, svarar dama kjapt før ho tar frå han handlevogna, svingar seg forbi nokre skrikande ungar og plutselig ligg minst ti meter framfor han i løypa. Eit godt og effektivt rykk om ein skal sjå det heile med sportsbrillene på. Mannen står skuffa att og må bite i seg opp til fleire fargerike setningar han kunne tenkje å levere attende til dama som har forlatt han.

– Men den var jo litt praktisk, då, er det einaste han klarar å svare der han står attende, åleine.

Eg lurer på om laurdagsroen kjem til å finne seg til rette i den heimen. Kanskje Grand Prix kan hjelpe på det heile?

IKEA (CC) from Flickr by yassan-yukky

Ein annan familie på folkevandring blant utstilte sofaer på Ikea har med seg minst to barn. Kan hende ein burde innføre ein eller annan form for aldersgrense på Ikea, tenkjer eg. Barna er leie. Dei har sikkert vore der i mange timar. Det var fullt i herberget. På Ikea er herberget fylt med farga plastikkballar.

– Kan du halde att munnen din? No har eg høyrt på maset ditt sidan vi kom inn døra her, seier mora litt for høgt til det eine barnet. Alle i ein femtenmeters omkrets føler seg truffe av mora og held munnen godt lukka. Det blir litt for stille i sofaavdelinga på Ikea.

– Men mamma, kan vi ikkje sjekke om det er ledig på ballrommet no? Så kan du handle for deg sjølv mens vi leikar der? Og så kan du hente oss etter at du har betalt og pakka i bilen? Mamma? Mamma? Kan vi ikkje sjekke om det er ledig? Mamma? Ballrommet? Eg er tyste? Mamma?

– No klappar du att kjeften din elles kan du gløyme både snop, barneteve, vener, bestevener, eiga seng og klede dei neste fem åra.

– Eg vil heime til pappa og sparkle veggen, mamma. Kan eg få sparkle veggen heime saman med pappa, NO, mamma?

Eg trur Ikea kunne hjelpt oss alle, eg tenkjer på samfunnet som ein heilskap her, om dei hadde innført aldersgrense og byrja selje alkohol. Det kan sjå ut som om alkohol er den einaste redninga. Ein drinkdispencer i kvar møbelavdeling. Trur Ikea ville ha auka omsetninga si også. Og så ville folk ha vore blidare og hyggeligare.

Éin kommentar

Filed under meiningar

Mitt bidrag til legemiddelindustrien

John Has Swine Flu CC from Flickr by http://www.bettarthurphoto.com

Veit ikkje om eg vart lurt (A-magasinet 22.01.2010), men eg har i dag gjort slik myndigheitene har anbefalt meg. Eg har latt meg vaksinere mot svineinfluensa. Om det var for å få brukt opp dei mange innkjøpte vaksinedosane, eller faktiske hindre meg å få svineinfluensa veit eg ikkje noko om. Men slik ser mitt private økonomiske bidrag ut:

Kom to arbeidstimar for seint på jobb – ca 270kr

Eigenandel for vaksina – 150kr

Sum = 420kr

Eg håper staten, legemiddelindustrien og WHO nyttar seg av bidraget mitt på ein fornuftig og trygg måte. Måtte alle leve lenge og trygt i landet.

Kommenter innlegget

Filed under meiningar

Kamp

Nytt år i berg-og-dalbana. Snart kjem det ein ny person til verda som eg skal passe på.  Føler meg ikkje heilt klar for farsrolla att før eg har lese ferdig kampen til Knausgård. Karl Ove er min nye læremester. Min mentor. Det er ikkje berre hans kamp, det er min kamp også.

Her om dagen sovna eg etter å ha lese ti sider av kampen. Burde eg kanskje ta det som eit teikn? Burde eg vurdere å bytte bok?

2 kommentarar

Filed under meiningar

Tog vs. Buss

Etter å ha lese Aslak Bonde i Morgenbladet og Georg Arnestad i Sogn avis har eg pådrege meg tankar og meiningar om bussen. Dette har berre auka på etter å ha nytta meg av buss til og frå Sogn to gonger denne sommarferien.

Tog er «inn»

CC: From Flickr by Jeff McCrory

CC: From Flickr by Jeff McCrory

Tog er «inn» under valkampen i år. Hurtigtog er det alle vil satse på. Dei som er skeptiske til hurtigtog er ganske teite, dei som er for eit sånt tog tenkjer på jorda vår. Hurtigtog skal liksom redde miljøet i Noreg og pådra oss god samvit for karbonutsleppa våre.

Hurtigtoget skal helst gå mellom Oslo og Trondheim/Bergen. Toget må helst ikkje ha for mange stopp undervegs, då mistar ein den høge farten. Det betyr at det ikkje er mange plassar mellom storbyane som får nytte seg av dette fantastiske framkomstmiddelet. Det blir mest eit framkomstmiddel for byfolket.

Buss burde vere meir «inn»

Men det har vist skjedd mykje innanfor bussteknologien dei siste åra. Bussane er større, betre å sitte på og det er god plass til kroppar på 190cm. Bussane har tilbod om trådlaust internett, pulverkaffi og lokale aviser. Rutebussane i Noreg transporterar om lag 340 millionar passasjerar. NSB har om lag 50 millionar passasjerar. Litt fleir enn i 1946.

«Om vi let tredjeparten av dei store togsubsidiane gå til ekspressbussar, kan det gå 1.759 høgstandarbussar med 24 avgangar i døgnet i kvar retning innom alle kommunar i landet. Billettpris: kr 0.-«

Dette ifølgje Idar Mo, ein bussentusiast.

Så,

CC: from Flickr by thebigmg

CC: from Flickr by thebigmg

kva skal ein satse på i dette lange landet? Kva skal vi bruke pengane våre på? Det er klart desse kjappe toga kan redusere flytrafikken mellom byane. Men kva med alle dei andre folka som vil flytte på seg?

Kommenter innlegget

Filed under meiningar

Eg saknar ein indeks for tid (R)

Eg saknar ein indeks for tid. Grunnen til dette saknet er at eg ønskjer å kjøpe litt ekstra tid, i tillegg til dei 24timane eg har fått utdelt. På same måte som vi har indeksar for olje, gull, havre og Big Mac treng vi ein indeks for tid. Har vi ein indeks veit vi til ein kvar tid kva tid kostar. Det burde komme ein internasjonalt standard på kva ein time er verd. Det er med andre ord på tide å få tida på børs.

(From Flickr by ToniVC (CC))

(From Flickr by ToniVC (CC))

Tenk om eg kunne vakne, hente meg ein kopp kaffi, bla opp i Aftenposten og finne ut at i dag kostar ein norsk time 153kr, to prosentpoeng opp frå i går. Samtidig kunne eg lese at ein amerikansk time har tapt seg i verdi i forhold til ein europeisk time. Grunnen til dette verditapet er at det kvite hus har sløsa med tida. Når vi får tida indeksert og på børs kan eg til ein kvar tid vurdere om eg skal investere i nokre ekstra timar. Slik som i dag, då eg vakna, hadde eg intenst behov for nokre timar ekstra. Den ekstra tida kunne ein, til dømes, selje over disk som skrapekort. Ein kunne ha skrapekort med verdiane 1, 2, 5 og 10 ekstra timar. Tida er for statisk, slik det er organisert i dag. Vi treng i større grad dynamisk tid.

Det er sommar og tid for reprise. Dette blogginnlegget vart fyrst skrive 8. november 2005 på min gamle blogg «The little family blog«.

Éin kommentar

Filed under blogg, meiningar, Reprise

Ashton Kutcher har over 1 mill følgjarar på Twitter

@aplusk på TwitterI dag byrja eg arbeidsdagen med litt nerde ting, eg innrømmer det glatt. Ashton Kutcher (@akuls) og CNN har den siste tida hatt ein konkurranse på gang om kven som fyrst skulle få 1 millionar følgjarar (followers) på Twitter. I dag, ca kl0820, gjekk Ashton over målstreken. Alt direkte på nettet, sjølvsagt, via ustream.tv.

I gleden over seieren snakka Ashton masse om ein mediarevolusjon og den nye mediaverda. No veit eg ikkje om media endrar seg så mykje med at ein kjendis har fleire tilhengjarar enn CNN. Det er klart at media endrar seg, men eg trur nok ikkje dette var så stort så mange vil ha det til.

Det er uansett ikkje tvil lenger, Twitter er blitt allemanseige og ikkje berre ein nerde ting. Sjå berre alle politikarane eg har samla her. No er det ikkje alle av desse som heilt har skjønt greia endå, men håpar dei lærer fort.

CNN fortel verda at Ashton vant

Ashton Kutcher direkte på ustream.tv

@jazzyhal

Kommenter innlegget

Filed under lenker, meiningar, twitter

Debatt om debatten

I går, torsdag, tok eg del i debattmøte «Hvordan hever vi kvaliteten på nettdebatten?» arrangert av NONA – nettverk for oss som jobber med nettmedier. Ein god porsjon folk, dei aller fleste frå mediahus, tok aktiv del i debatten om debatten. På Twitter kan ein følgje etterdebatten via #NONA

Ein eldre offentleg debatt (From Flickr by IdleMindedLee (CC))

Ein eldre offentleg debatt (From Flickr by IdleMindedLee (CC))

Nokre umiddelbare tankar dagen der på

Media og kanskje politikarar må bli flinkare til å peike på, løfte fram og applaudere gode innlegg og meiningsytringar på nettet. I debattkaoset, som ofte kan opplevast som kloakk, finst det faktisk ein del gode og konstruktive innlegg. Ved å framheve desse vil ein heve standaren.

Politikarar og andre «proffe debattantar» bør i aukande grad ta del i nettdebattane. Journalistar bør følgje debattar som utviklar seg under eigne saker og følgje dei opp etter behov. Politikarar bør lytte på det som skjer og i aukande grad vere med i dialogen. På denne måten vil kvaliteten bli heva.

Som med så mykje anna i denne verda bør det vere eit mål at den gode debatten kan føre til noko positivt og konstruktivt. Gode tankar og idear bør tas med vidare, gode og finpussa argument bør løftast opp, nye kreative forslag bør vurderast. Her har media og dei som står bak forum eit ansvar. Om nettdebatten blir haldt nede og isolert vil det fortsatt berre vere ein kloakk der alle får sjansen til å velte ut sin vrede og anger over verda.

Det vil, som Brenna påpeika i går, alltid vere idiotar der ute. Vi blir ikkje kvitt ekstremistar, men vi kan snu oss vekk og sjå på andre. Vi kan la dei rope åleine ute i skogen og heller fokusere på dei konstruktive gode debattane.

Nettdebatten er i ferd med å bli den nye samfunnsdebatten. Her handlar det om å hengje med.

Delingsdebatten (From Flickr by Geoff... (CC))

Delingsdebatten (From Flickr by Geoff... (CC))

 

God fredag

 

Éin kommentar

Filed under meiningar