Category Archives: jobb

Kartprosjekt

Eg jobbar for tida på internasjonalt kontor ved Høgskolen i Oslo. Her er eg i gang med eit lite kartprosjekt. Det har seg sånn at studentar ved HiO kan ta delar av utdanninga si ved våre mange partnerinstitusjonar i utlandet. Dette har til no vore presentert i kjedelege lister og pdf-dokument. Kanskje vi kan få fleire til å bli interesserte og reise ut om vi presenterar dette på ein litt meir spennande måte?

Så langt er eg komme til no.

Vegen vidare

Eg skal etterkvart legge til ei rekke nye institusjonar vi har avtalar med. Men, er det mogleg å gjere diverse søk/avgrensingar i kartet? Er det mogleg å berre vise institusjonar som, til dømes, passar for studentar ved avdeling for ingeniørfag? Og finst det andre gode idear til korleis bruke kartet?

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under jobb

UNGweb.no/val-09

ungwebDet skjer mykje på nettet under årets Stortingsval. Mykje spennande, mykje rart og mykje kjedelig. Eg ønskjer å peike på eit svært interessant prosjekt som går av stabelen i Møre og Romsdal.

Eg jobba ein periode på Fylkeshuset i Møre og Romsdal og var med på å etablere UNGweb – ein ungdomsportal for dei unge i fylket. I høve Storingsvalet er det etablert eit eige valprosjekt – www.ungweb.no/val-09. Her kan ungdom i fylket komme i nærkontakt med politikarane og politikken på ein enkelt og morosam måte.

UNGweb-val09

Eg ønskjer spesielt å peike på:

  • Politikarkart – med hjelp av Google maps kan ungdom i fylke sjå kor stortingskandidatane bur i fylket. Kanskje dei oppdagar kva for politikarar som kjem frå sitt eige nærmiljø? Kanskje nærleiken til politikaren vil gjere politikken litt meir interessant?
  • Politikarane svarar – her kan ungdom spørje partia – og dei får svar! takka vere eit godt samarbeid mellom UNGweb og dei politiske parti i fylket.
  • DebattgrafDebattgraf – dette er rosina i pølsa. UNGweb har latt tradisjonelt diskusjonsforum ligge og lagt det den gode samtalen opp som tankebobler. Inspirasjonen er henta frå debategraph.org og vidareutvikla for UNGweb. Spørsmål og kommentarar kan komme inn via web, men også sms/mms. Kvar veke kjem det ut eit nytt spørsmål som ungdom i fylket kan ta stilling til med ja/nei/veit ikkje, eller lenge resonnement.

2 kommentarar

Filed under jobb

Asiat på tur

Det er ikkje så ofte eg får tid og høve til å lage litt video, men i går fekk eg leika meg litt att. Video er moro og av og til dukkar det opp nokre små øyeblikk.

Eg er spesielt nøgd med den asiatiske turisten som vimsa rundt. Heilt tilfeldig, sjølvsagt.

Musikken er henta frå Free music archive som er fylt med gratis CC-lisensiert musikk. “I Feel Fantastic” av Jonathan Coulton. Videoen er lage til kampanjen «De som stemmer bestemmer» som skal få studentar til å stemme.

Kommenter innlegget

Filed under jobb, video

Studentorganisasjonar og web2.0

Søndag 8. februar holdt eg innlegg for alle medlemane til Studentenes Landsforbund om korleis ein kan bruke nettet for å nå ut til medlemsmassen. Eg viste ein rekke dømer på korleis ein kan gjere dette.doodle-icons

Hovedbodskapen min var:

  • Du må nå studentane/brukarane der dei er og ikkje forvente at dei kjem til nettsida di.
  • Du må vere tilgjengeleg på ein rekke sosiale nettverk/plattformar slik at ein aukar sjansen på å nå studentane.
  • Twitter er ein fin ting (www.twitter.com/jazzyhal)
  • Det treng ikkje koste pengar for å bruke nettet lenger. Massevis av gratisgreier.
  • Det kostar litt tid, men ein får i tillegg nye plattformar for dialog med brukarane.

Sjå presentasjonen her – Sliderrocket

Oversikt over nettsider eg viste fram – delicous.com

2 kommentarar

Filed under dele, jobb, lenker

Skeptiske skinnvestar

Bente Kalsnes oppfordra meg til å blogge om skinnvestar. Det er sjølvsagt ei oppfordring eg tek på strak arm.

skinnvest

Eg har dei siste vekene vore på ein liten turne i Møre og Romsdal for å tilby lærarane i den vidaregåande skulen webverktøy fram mot stortingsvalet i år.

Gjennom prosjektet eDemokrati 0.9 har UNGweb.no fått 500.000.- frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet til å utvikle webverktøy på UNGweb.no-plattformen som kan vere med å engasjere og auke valoppslutninga blant dei yngste veljarane.

Eg meinar tilbodet til lærarane er godt:

  • Dei som vil kan vere med, altså ikkje noko form for tvang.
  • Vi tar på oss å utvikle/sette saman webverktøy som lærarane kan bruke i skulen fram mot stortingsvalet. 
  • Vi tilbyr opplæring i bruken av webverktøy
  • Vi tilbyr og garanterar dialog med aktuelle politikarar gjennom webverktøya
  • Webverktøya kan brukast både lokalt og på fylkesnivå

Nokre av døma eg har vist fram på turneen er:

I fagplanane i den vidaregåande skulen står det mykje om at elevane skal lære seg å skrive, argumentere, lære om IKT, demokrati og samfunn. Dette er noko lærarane må jobbe med og vi kjem ikkje inn med noko ekstra arbeid. Likevel, og utan unntak har det vore mykje skepsis rundt dette prosjektet blant lærarane. Og utan unntak kjem det meste av skepsisen frå lærarar i skinnvest.

Ein norsklærar reiste seg etter presentasjonen og sa at på vegne av alle «vi vil ikkje vere med på denne teknologikarusellen«. Andre skinnvestar klaga over for dårlig tid, over internetten som er fylt opp med trøbbel, om at det allereie finst debattar der ute og at elevane skal gjennom pensum.

vest2

Heldigvis finst det også nokre unge og lovande lærarar der ute som vil vere med. Men kva er det med lærarar i skinnvestar og frykten for teknologien?? Alltid bra med litt sunn skepsis, men det må vere med måte, vel….

 

Mange bra kommentarar frå Twitter også:

  • m_strandengen @JazzyHal – IT-ansvarlige i offentlig virksomhet gjør ofte endringsarbeid i motbakke
  • ksevik @JazzyHal hjelpe meg – vi har et stykke arbeid foran oss… teknologikarusell? kom deg på!
  • teknobloggen @JazzyHal haha, jeg vedder på han trodde det var et argument. Fantastisk
  • astronewth @JazzyHal Ja, vokt deg for skinnvestene. Roten til mye bakstreversk skjuler seg bak det elegante plagget.
  • ksevik @JazzyHal la oss høre om skinnvestene!! 🙂
  • eide @JazzyHal du har tydlegvis funne deg ei utømmelig kjelde med skinnvestar!
  • benteka @JazzyHal Når du har tid, skriv en bloggpost om skinnvestene:-) Jeg kan love deg, få skinnvester i Brussel. Men mye dresskledd webangst.

 

bilda er henta frå Flickr og teke av Kyle Kesselring og unclejerry og har ein Creative Commons-lisens.

Kommenter innlegget

Filed under jobb, meiningar

MRfylke på Twitter og FB

Møre og Romsdal fylke er no å finne på både Twitter og Facebook. Så langt er det underteikna som sit med nøkkelen (les: brukernamn og passord) og henda på rattet. Håper etterkvart at fleire på Fylkeshuset finn seg til rette og kan ta i bruk dei nye nettverka. No er det opp til meg å forklare folket at dette er dialog, ikkje monolog.

I tillegg ser Møre og Romsdal fylke etter ein webutviklar:

 

Ledig stilling som webutviklar

Har du lyst til å lage heilt nye nettenester for Møre og Romsdal fylke? Informasjonsavdelinga er på jakt etter ein person som kan vidareutvikle tenestene våre på nettet. Vi leitar etter nokon som kan gjere seg kjend med, og evaluere, dei tenestene vi har i dag, og ikkje minst lage nye nettenester. Vi ønskjer óg at webutviklaren kan vere med på utvikle virtuelle fagnettverk for offentlege verksemder i fylket. Vi treng nokon som er strukturert, engasjert, sjølvdreven og initiativrik. Aktuelle kandidatar bør ha interesse for generelle trender på nett (web 2.0), sosiale nettenester. Du bør óg kunne noko om ein eller fleire av desse verktøya: PHP, eZpublish CMS og malspråk, AJAX-teknologiar (Javascript og XML), CSS og Adobe Flash.

 

Les om stillinga her

From Flickr by Ben McLeod

From Flickr by Ben McLeod

Kommenter innlegget

Filed under jobb, lenker

Sol i mørke

Skal tru om denne sola på kontoret kan gi meg noko meir overskot og energi… Føler meg fortsatt passe rar med den o´store lampa like ved fjeset. Så lenge  sjefen min påstår at det er reine medisinen prøver eg. Fordi eg høyrer sjølvsagt på sjefen min, heile tida. Sol i mørke

Éin kommentar

Filed under jobb

Ungdomar no til dags

 

Konkurranse på UNGweb

Konkurranse på UNGweb

Som redaktør av ungweb.no sliter eg med å aktivere ungdomen. Dei les artiklar, men tek ikkje del i «samtalen». Få kommentarar blir lagt att sjølv om vi opplever om lag 4-5000 besøkande kvar dag. I dag har eg lansert ein stripe-konkurranse. Alle striper som blir sendt til meg blir publisert og den beste stripa innan mars får to abonnement på teikneseriar i eit år.

 

No håpar eg litt kreativitet kan vekke nokre av sjelene.

 

Andre forslag til korleis aktiviere dei unge på nett, spesielt med tanke på UNGweb

Kommenter innlegget

Filed under jobb

Staten delar på reiserekninga

 

 

Reiseregningen.no

Reiseregningen.no

 

 

Eit mykje brukt skjema, uansett kor du jobbar, er reisrekninga. Eg har sjølv vore borti ein del forskjellige versjonar i alle mulige variasjonar.

No skal Fornyings- og administrasjonsdepartementet ha mykje skryt for arbeidet med www.reiseregningen.no. Kjeldekoden er lagt ut til fri nytting. No kan reiserekninga delast med andre og utviklast vidare.

Departementet spør til dømes om kanskje noko vil prøve å knytte skjema opp mot GPS. I tillegg reknar eg med nokon utviklar ein versjon for iPhone snart. Tilknytinga til GPS kan bli endå enklare.

 

Neste arbeidsoppgåve for departementet er å utvikle ein jobbsøkarapplikasjon. For oss som har søkt litt jobb dei siste åra byrjar fingrane å knirke etter å ha fylt ut 389 forskjellige online jobbsøkerskjema. Det er grenser for kor ofte eg orkar å taste inn personlege data.

Dette er eit tema kommeriselle aktørar jobbar med gjennom openID og data portability på globalt plan. Det er snart slutt på at du fortel kvar webteneste/sosiale plattform du vil henge med kva du heiter, kva du likar, kven du kjenner osv. No blir det opna for å ta med identiteten og personinfo på tvers av tenester og plattformar. Spennande!!!

 

OpenID

OpenID

DataPortability

DataPortability

3 kommentarar

Filed under jobb, meiningar

På Mørekonferansen i dag

Oppdateringar heile dagen på www.twitter.com/jazzyhal
Finansråd Tore Eriksen og journalist og spaltist Shabana Rehman kjem til Mørekonferansen 2008. Konferansen skal arrangerast på Rica Seilet Hotell i Molde 3. desember.
– Målet med konferansen er framleis å skape ein sentral møteplass for næringsliv, finans, politiske og offentlege aktørar. Vi ønskjer å sette nærings- og samfunnsutvikling, verdiskaping og økonomiske perspektiv på dagsorden, seier fylkesdirektør i Møre og Romsdal fylke, Ottar Brage Guttelvik.

Les meir om Mørekonferansen her (Møre og Romsdal fylke).

Kommenter innlegget

Filed under jobb