Category Archives: dele

Heimetrening

Kommenter innlegget

Filed under dele, pappaperm, video

Aurlandsdalen

La meg komme med eit turforslag: Aurlandsdalen.

Mangen har teke turen før meg, mangen har anbefalt turen før meg og mangen kjem til å ta turen til tross for meg. Men eg ønskjer likevel å oppmode Dykk alle til å ta turen. Dette er eit stykke perfekt tur.

Vi køyrde til Vassbygdi 10 min frå Aurland og parkerte bilen der. Ein buss plukka oss opp og tok oss med opp ein bratt fjellvegg, inn og ut av tunnelar og til slutt kasta han oss av på Østerbø fjellstove. Det skal ikkje meir til enn litt mat, litt godt øl og litt søvn og så er du klar til tidenes flottaste spasertur ned gjennom Aurlandsdalen. Dei om lag fem timane føltes som ein time og kroppen ville berre ha meir.

Ikkje noko poeng å freiste med ord for å forklare oppleveinga. Må sjå, kjenne, lukte og høyre sjølv.

 

Meir:

Kommenter innlegget

Filed under dele, Uncategorized

kollasj-blogg med bodskap

La meg få anbefale ein blogg i dag. Ein ganske så fasinerande og ansleis blogg. Ansleis fordi det er ein kollasj-blogg. Ein kollasj-blogg med bodskap.

skjermbilete frå verdenmedeirik.blogspot.com

 

Bloggen heiter «Verden – en bruksanvisning for barn» og er laga av Eirik Strandabø.

 

Kommenter innlegget

Filed under blogg, dele

Ein sint fugl sin song

Alle spelar Angry Birds for tida. Det kan virke sånn. Når junior er på symjing sit alle fedrene i garderoben og spelar Angry Birds mens dei ventar på at ungane skal lære å symje. Ungane veit dette. Dei vil heller sitte i garderoben og spele Angry Birds saman med fedrene. Det kan dei ikkje. Det er viktigare å kunne symje.

Om morgonen spalar alle arbeidstakarane Angry Birds på veg til jobb. Dei les ikkje lenger avisa og er ikkje lenger oppdatert på kva som skjer i samfunnet rundt seg.

No er Angry Birds musikken blitt tolka.

Dette kan vi like

Kommenter innlegget

Filed under dele, musikk, video

Stor trafikk til bloggen min

Dette er forteljinga om eit blogginnlegg:

I følgje loggen var det februar 2009, men eg trur blogginnlegget vart skrive lenge før det. Twitter var nytt og tøft for kvarmannsen og alle kasta seg på. Eg satte opp ei liste over politikarar som hadde ordna seg ein Twitterkonto. Lista voks og mange gav meg innspel på nye politikarar som testa ut dette spennande mediet. Etter kvart var dei fleste komme seg på Twitter og nye og grundigare oversiktar dukka opp. Eg gav lett opp politikere-på-Twitter-oversikt-prosjektet mitt og skreiv vidare på andre rare blogginnlegg.

Og no er det ei god stund sidan eg blogga i det heile. Ikkje noko å fortelje. Står litt stille for meg. Kan like greit halde kjeft.

MEN, i kveld stakk eg innom og studerte statestikksidene til WordPress litt. Og eg vart overraska, faktisk.

Blogginnlegget eg snakkar om over hadde trekt 56 besøk åleine den siste veka. Skal seie mange leser gammalt stoff, tenkte eg. Og så sjekka eg litt til:

  • Blogginnlegget har til saman hatt 9 327 besøk!!!!
  • I 2009 var det i snitt 26 personar innom innlegget kvar dag
  • I 2010 har dette (heldigvis) falt til 4 besøk per dag, men likevel…..?!
  • Dette er litt moro 🙂

Så, kvifor?

  • Eg har vore heldig.
  • Større sider har i periodar lenka til innlegget.
  • Eg har, utan å vite det heilt sjølv, blitt god venn med google. Alle som søkjer på «twitter» og «politikar» får meg på topp

Kva skal eg gjere no?

  • Burde eg berre fjerne innlegget? den er jo utdatert…..
  • Burde eg berre la innlegget vere? kjekt med trafikk til sida mi…
  • Burde eg få meg eit liv? yupp

vel?

(eg er fortsatt på Twitter, om ikkje anna….)

3 kommentarar

Filed under blogg, dele, lenker, twitter

Ein ide, kanskje ein god ide

Fekk ein god ide i dag etter eit vellykka restaurantbesøk. Kan hende ideen min er både tenkt og (forsøkt) realisert, men eg har ikkje gidda å sjekke dette. For om eg hadde funne ut at nokon andre hadde tenkt dette før meg hadde eg jo ikkje noko å skrive heim om.

Så, ideen min går som følgjer:

Prising basert på vektauke på serveringsstad. Som gjest blir ein altså veid på veg inn i restauranten og på veg ut. Differansen, altså vektauka, blir multiplisert med ein kilopris og dette er det du må betale for maten du åt!

CC fra Flickr av aslakr

Johan A.  påpeikte heilt korrekt at doane ville måtte  trenge eigne vektstasjonar for å kunne registrere plutselig vekttap under besøket.

For dei med eit vanskeligare forhold til eiga vekt kunne ein sjølvsagt halde sjølve utgangsvekta hemmeleg og berre opplyse om differansen.

Ein sånn restaurant kunne vidare vurdere rabattordningar for faste kundar som til dømes hadde mål om vektreduksjon og som nådde måla sine. Her ser eg det fort dukke opp ein del paradoks, men det kan vi ta seinare.

Det vanskeligaste i dette konseptet er sjølvsagt prisinga. Ein pris per kilo betyr ein pris for alle typar mat. Ein eller annan form for gjennomsnitt høyres for meg ut som ein plan, men her reknar eg med bransjen sjølve kan stille opp med fagfolk.

Ville du ha ete og betalt for maten på  ein sånn type restaurant?

Kommenter innlegget

Filed under dele, meiningar

Min eigen dovegg

Kom over denne via NRKbeta – Fredagsmoro: Verdens største dovegg (5. mars 2010).

Your World of Text er altså ein god gammaldags dovegg på veven. Skriv kor du vil på ei ufattleg stor side. Kven som helst kan skrive kva som helst. Litt moro, nei – ganske moro. Faktisk. Kopier  og lim går ikkje. Du må skrive alt sjølv. Lettare kan det nesten ikkje bli.

Og her er sjølvsagt min heilt personlege dovegg (og fint er det, for eg kan ikkje byrja skrive på veggane heime, akkurat….eller?)

(http://yourworldoftext.com/jazzyhal)

Éin kommentar

Filed under dele, lenker

Politikken.info

politikken.info

Min gode venn Håvard Eide (@eide) har samla saman ein del politiske RSS’ar på ei eiga side – politikken.info. RSS’ane er henta frå partia sjølv, media og politikarar på Twitter. På sida kan ein til dømes hente ut ein eigen Politikere-på-Twitter-RSS. Twitterlista er henta frå denne oversikta eg har laga på denne bloggen.

 

Eide tek stadig imot nye idear på korleis han kan utvikle sida.

Kanskje ein burde kunne kommentere dei enkelte elementa som kjem inn? Sortere etter parti? Hente inn kommentarar som kjem på dei politiske bloggane?

Kommenter innlegget

Filed under dele, lenker, twitter

Anbefalar alle som skriv på nett…

… å lese denne artikkelen frå Ordlysten. Drammens Tidene har komme fram til nokre retningslinjer for god nettredigering. Her har alle som skriv for nett mykje å lære

Drammens Tidene

Kommenter innlegget

Filed under blogg, dele, lenker

Politikere på Twitter

27. juli 2010

No er denne oversikten SVÆRT utdatert, men eg blir stadig imponert over kor mykje trafikk saken drar. Denne sida åleine har snart hatt over 10 000 på besøk! Har skrive om trafikken til denne sida her.

Men, altså. Kom deg vidare til andre sider med betre oversiktar.

twitter

2. juli 2009:

Denne politikeroversikten er ikkje lenger fullstendig. Etter at større aktørar har gått grundigare til verks ser eg ikkje poenget med å halde denne oversikta oppdatert. No skal jo alle politikere på både Twitter og bloggar og det eine og det andre.

Eg anbefalar valgprat.no for best mulig oversikt over politiker på web.

24. februar 2009:

Eg jobbar til dagleg med politikarar av alle slag og fekk derfor behov for å samle saman norske parti og politikarar med Twitterkontoar. No er det diverre få politikarar på Twitter, men håpar det er nokon eg ikkje har fått med meg eller at andre kjem etterkvart.

Kanskje nokon som kan hjelpe med å fylle ut?

Arbeiderpartiet

Alle frå Arbeiderpartiet er henta frå: http://www.arbeiderpartiet.no/Om-AP/Ap-i-nettsamfunn/Roed-twitrere

FrP


  • Morten Ellefsen, Fremskrittspartiets gruppeleder i Sør-Trøndelag fylkesting, og bystyrerepresentant i Trondheim bystyre. Blogg


Grønne

  • Miljøpartiet De Grønne – partiet

Høyre

KRF

raudt

Senterpartiet

SV

  • Partiet på Twitter: svparti
  • bardvegar – Bård Vegar Solhjell, Kunnskapsminister frå SV
  • snorrevalen – Snorre Valen, førstekandidat for SV Sør-Trøndelag i stortingsvalget. Blogg
  • Audun Herning – aherning – SVer, Engapatriot og politisk rådgiver i Kunnskapsdepartementet.
  • Åsa Elvik – aasaelvik – Statssekretær i Kunnskapsdepartementet. SV
  • Andreas Behring – andreasbehring – bystyrepolitiker i Oslo.
  • Christine Dancke – chrissypop Blogg
  • kim_andre – Kim-André er Studerer til master i samfunnsøkonomi ved UiO, leder i St. Hanshaugen SV. Blogg
  • norafjelddalen – Nora Fjelddalen er fylkesstyremedlem Oslo SV, bydelsutvalget St. hanshagen
  • arvinn – Arvinn E. Gadgil Pol. rådgiver MD
  • Ingrid Tungen er medlem av GFrünerløkka SV sitt styre og tidligere SUsentralstyre
  • EllenOseth – Ellen Øsether SV-politiker fra Tromsø
  • Thor_Egil – Thor Egil Braadland er leder for SVs stortingssekretæriat
  • AkselHagen – Aksel Hagen er SV-politiker fra Oppland og stortingskandidat
  • ginabarstad – Gina Barstad er 2. kandidat Hordaland. Blogg
  • Hedgard – Hedgard Hugaas er leder Stavanger SV
  • simonstrumse – Sentralstyremedlem SU. Blogg
  • sarabell – nestleder Bergen SV. Blogg
  • oppvigler – Lars Berge er Sentralstyremedlem SU og redaktør for Rødt Press
  • kristianfj –  Kristian Fjellanger valgkampsekretær
  • benjamil – Benjamin Larsen er leder Sagene SV
  • TransportPer – Per Østvold. Sentralstyremedlem SV. Leder norsk transportarbeiderforbund
  • jleknes –  Jørund Leknes politisk rådgiver FAD
  • dagwesth –  Dag Westhring er forbundsekretær NTL leder Nittedal SV
  • ktkjelsnes – Kenneth Kjelsnes fylkessekretær Sør-Trøndelag SV
  • palskogholt – Pål Julius Skogholt utdanningsråd Troms. Blogg
  • lassedahl – Lasse Dahl kommunestyret Fauske. Blogg

Venstre

Andre:

Meg sjølv, sjølvsagt:

Sist oppdatert kl 12:49- 15. april 2009

Les meir

40 kommentarar

Filed under dele, lenker, twitter