Femte dag i pappapermisjon

I dag har vi vore ute blant folk. Ute blant folk skjer det ofte rare ting.

Eg stussar ofte over folk. Folk kan finne på dei merkelegaste ting.

Det har seg sånn, at:

Det er kjekt at folk blir glade og smiler når dei ser sonen (og meg). Folk får lov til å komme bort, bøyge seg ned og seie hei til sonen i vogna. Det er også lov til å spørje kor gammal han er og kva han heiter. Det er greit at folk spør om kvifor han fekk akkurat det namnet. Det er kjekt at folk seier han er fin og at han liknar på meg.

Det er IKKJE greit å stikke fingrane i munnen hans. Det er heller ikkje greit å klype han i nasen eller prøve å løfte han ut av vogna utan å spørje fyrst. Det er heller ikkje stas å riste i vogna for å få han til å sovne når han nettopp har vakna. Folk treng heller ikkje synge rare sangar til han sånn utan vidare, det klarar eg sjølv. Det er teit å spørje fem gonger om namnet når ein fekk det med seg fyrste gongen. Det er uakseptabelt å le høgt av namnet hans (det plagar sikker ikkje sonen, men eg misslikar det). Det er rart å seie at han liknar på mora når ein ikkje veit korleis mora ser ut. Og eg likar ikkje å bli fortalt korleis eg burde kle på ungen (eg har to andre ungar og begge lever. Ingen fraus i hjel).

Takk til folk

Advertisements

2 kommentarar

Filed under pappaperm

2 responses to “Femte dag i pappapermisjon

  1. Trur du dei hadde turt å komme med dei same kommentarane om det var mora som var ute med han?

    Det var gledeleg å få nokre pappapermdrypp frå deg igjen, fortsett med det!

  2. tja, kommentatorane ser omtrent berre på ungen og snakkar i veg ut å sjå på den vaksne som står og tviholder på barnevogna. Usikker på om det hadde endra seg med mor bak rattet….

    takk for tilbakemelding. Kjekt å følge dine litt meir seriøse tankar om samfunnet også. Stao no pao!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s