Fjerde dag i pappapermisjon

I dag har vi tatt t-bana. Det synst han var moro.

Fyrst tok vi t-bana til byen. Det var ganske mange andre folk på t-bana og han insisterte på å snakke med dei fleste. Dei fleste skjønte ikkje kva han sa, men dei smilte fint til både han og meg.

Så tok vi t-bana heimatt. Det var ikkje så mange andre som skulle heimatt samstundes som oss. Han fekk sitt eige sete og fekk lov til å klistre både nasen og tunga til vindauga.

Plutselig oppdaga eg at vi var langt forbi der vi skulle gå av. Vi gjekk av på ein ukjent stasjon, gjekk over på den andre sida og venta. Til slutt kom bana attende. Og denne gongen kunne vi sjå ut på den andre sida.

No gjekk vi av der vi pleier å gå av, men så oppdaga eg at vi hadde jo brukt bilen til den andre t-banestasjonen i dag tidelig. Og bilen kunne jo ikkje stå att åleine.

Bilete

Vi venta til det kom ei ny t-bane. Og denne gongen huska vi å gå av på den stasjonen der bilen sto.

Slik gjekk den dagen.

Advertisements

Éin kommentar

Filed under pappaperm

One response to “Fjerde dag i pappapermisjon

  1. Inger Marie

    Ammetåke 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s